Eg har fått ny blogg

og den kan dere finne her:

www.virtuelvis.net

Dei 4-5 av dykk som les bloggen min er hjarteleg velkomne til å endre bokmerka dykkar. Bloggen her på sprayblogg blir forlatt.


Å omtale seg sjølv i 3. person

Eg kjem med ei passe bra mengde sjølvtillit installert på førehand. Men aldri om eg har omtala meg sjølv i 3. person (eller med same effekt nytta kosenamn om meg sjølv). Kva høgtidelege tankar om seg sjølv får folk til å gjere slikt? Eg kan skjøne at kongelege vil gjere slikt, for dei har jo fått genane sine degradert i generasjonar, men vanlege folk?


Skont

Eg er litt usikker på skrivemåten av dette ordet, men det skal uttalast /skon:t/, med ikkje-kontinental "o", slik vi uttalar han her til lands. Ordet "skont" blir berre brukt, såvidt eg kjenner til, i Stavanger-området, sikkert eit jæruttrykk frå gammalt av, og tyder noe i retning av annanrangs, dårleg. Det er eitt av dei orda som på forbløffande vis ber med seg tydinga i lyden, om lag på linje med "snoffla" (snuble), som også er stavangersk.


Snoffla er mykje meir dekkande enn snuble, av di det høyrest så utruleg klønete ut; det ber med seg ein kløne-estetikk. Slik er det og med "skont", og eg har adoptert ordet rett inn i mi sognedialekt, noe som er umuleg å gjere med "snoffla". Skonta-tv, til dømes, er kanalar som TV-Noreg:


- kva gjer du på i kveld?

- ser på skonta-tv


Når du skal male huset finn du fram nokre skontaklede, rotter er skontadyr, og Framstegspartiet er eit skontaparti.


Flott? Eg slår eit slag for ordet skont, det høyrest solid annanrangs ut, og det er ikkje lydleg tvil om kva du meiner når du bruker dette ordet.


The new man is the old teacher

Mannsidealet er for tida under fleire luper. Mannen har vore gjenstand for diskusjon så lenge no, at den sjølvopptekne delen av feministrørsla, dei som ikkje greier å tenkje lenger fram en til sin eigen oppvaskbenk, burde bli uroa: Det som skulle bli eit fokus på kvinnerettar har blitt eit fokus på mannsrolla. Dermed lever vi framleis i eit slags patriakalsk samfunn; det er mannen alt dreier seg om. Eller: Vi lever i eit dobbeltpatriarkalsk samfunn, der vi framleis har ting å streve med for å oppnå full likestilling, i tillegg til at dei vulgære kvinnerørsla har sytt føre å gjere oss menn så merksame på kva for noen drittsekkar vi er. Mannsrolla er i fokus heile tida, sett frå alle kantar. Dette gir seg komiske utslag, ikkje minst på bekostning av kvinnene. For oss gutar som både skal leve saman med jentene, og i nokre tilfelle (som mitt) skal oppdra jenter, blir det berre vanskeleg.


Hvor skal min hjelp komme fra*, som det heiter i Salmane? Jo, den ideelle mannen for å tekkjast den moderne kvinna finn vi masseprodusert i lærarhøgskulane frå 70-talet og fram til våre dagar. Viss du var ein gut då du byrja på lærarskulen, blei du ein gutoid då du slutta. Garantert. Eit betre uttrykk på desse skapnadene, gutoidane, som vi jo alle har hatt røynsler med i løpet av livet, er PedKjerring (av "pedagogikk" -- retninga som fekk ta overhand, og "kjerring" -- kjønnet hvis tankar fekk dominere innhaldet i pedagogikken og metodikken). Ei PedKjerring er først og fremst eit kjønnsnøytralt uttrykk; PedKjerringa kjem i begge kjønn. Men ho er mest oppsiktsvekkjande som mann, det er den lærarhøgskuleutdanna 30-årige, mannlege PedKjerringa som får deg til å stoppe opp og tenkje over både eitt og hitt.


PedKjerringa har altså trudd på pedagogikken som blir formidla av dei kvinnelege, nyss fråskilde, inkontinente 55 år gamle høgskulelektorane med svære filler, skjeiv pannelugg og keramikkøyredobb i det eine øyret. Denne pedagogikken handla ikkje om fagleg dyktigheit, men om drama og samtalar. Kan du få elevane til å danse namnet sitt**, har du nådd inn til deira inste. Dersom to gutar på 12 fyk i tottane på kvarandre, skal årsakene til problemet snakkast om.


Greia er: Gutar snakkar ikkje, dei slåst. Når dei ikkje likar noe ein lærar gjer, viser dei fingeren og ber vedkomande dra til helvete. Jo eldre dei blir, jo mindre slåst dei, sjølv om nokre framleis tar ut noe av testosteronet ved å vere store i kjeften. Jenter slåst ikkje, dei snakkar. Når dei ikkje likar noe ein lærar gjer, snakkar dei om dette til andre. Jo eldre dei blir, jo fleire snakkar dei med, grundigare og på meir infamt vis. Ein gut med problem ut-agerer, ei jente inn-agerer. Guten blir eit problem, jenta har eit problem. Og dei skeivklypte skilsmissene med brende bh-ar og keramikk hengande frå øyret forstår ikkje dette: For dei er vi alle jenter.


Men slik er ikkje verda utanfor dramatimen. Og dette kuppet, for det er jo ikke anna enn eit kupp gjort av kvinnelege pedagogar og dramalærarar, produserer nyttige idiotar, PedKjerringa, som vi blir utsett for i heile skulegongen. Kuppet resulterer i at gutane har blitt sosiale og faglege skuletaparar. Gutane på skulen forstår rett og slett ikkje språket. Problemet til Tommy er over i det han drar til Ronny, og Ronny drar til han igjen. Men i staden skal no Tommy og Ronny danse problemstillinga til kvarandre.


Den nye mannen, den som tekkjast kvinna, er altså den gamle læraren, og skal du vere ei ung, progressiv jente, må du leite etter ein syklande fyr med skinnvest og briller, og med eit heilt ubevisst forhold til hår i andletet og kroppslukt. Der har du han som vil snakke med deg og som kan setje opp heile problemet ditt som eit dansestykke.***


* Eg nyttar her ein teknikk eg lærte av min gamle lærar i norrønt og syntaks på Universitetet i Stavanger, Kåre Flokenes: Når det er ei sak eg ikkje kan stå inne for eller meiner, nyttar eg bokmål. Alt som er kronglete og uklårt når det gjeld mitt forhold til det, blir formidla på bokmål.

** Jo, eg måtte dette medan eg gjekk på ped. sem.

*** Nei, eg er ikkje bitter og skild, eg er lukkeleg og sambuande


Ventemusikk

For eit par dagar sidan hadde eg eit problem eg ville drøfte med ein saksbehandlar hos Netcom. I den same perioden hadde visstnok heile Noreg problem dei ville drøfte med Netcom, sidan det var umogleg å få sendt av garde ein einaste SMS. Hos Netcoms kundesenter får du, som hos alle andre telefon-kundesenter, ulike val: Tast 1 for faktura, tast 2 for ekstratenester, osv. Eg tasta 3, for eg ville snakke med ein vaskeekte kundebehandlar. Og eg ble då, som forventa, sett på vent.


Eg sat ikkje berre på vent, eg sat i eit reint panfløytehelvete, der eg måtte lytte til Roald Engelbergs perverse tolkingar av populærmusikk frå det 20. hundreåret. Dette skjer jo sjølvsagt uansett om eg ringer til Netcom eller bilverkstaden. Mitt einaste poeng her er å kome med eit ønske: Kan ikkje noen lage ulike val for ventemusikk, slik at du, når du har gjort deg vekk med å velge tenestar, får nokre nye val: Tast 1 for Roald Engelbergs panfløytemusikk, tast 2 for køntri, tast 3 for Sigmund Groven plays Sissel Kyrkjebø, osv? Valfridom.


The World According to T9: 3

Viss du av ein eller anna grunn treng å taste inn ordet "loffen" på mobiltelefonen (kven veit, handleliste, dikt av J. E. Vold, osv), presenterer min nyinnkjøpte Sony Ericsson alternativet "jødedo".

Kva i alle dagar er ein jødedo?

iTunes Music er her snart...

... om lag samstundes med Tiger. Oh, joy. Dei som ikkje veit kva eg snakkar om, held til på feil dataplattform.

Det blir inga jul

av di MacGyver-epsiodene ikkje kjem på marknaden før etter jul:

http://web3.aftenbladet.no/kultur/article159877.ece

Og no er eg ikkje ironisk; eg er ein die hard Macgyver-fan, og tar serien heilt på alvor.

Geniale forretningsidéar: Trusseltelefonen

Ein ny forretningsidé slo ned i meg hin dagen, i samband med pyramideskandalane som vi høyrer så myke om i media: Ein trusseltelefon. Ein trusseltelefon er slett og rett ei teneste som eg kunne tenke meg å tilby, og konseptet er ganske enkelt: Dersom du har behov for å true noen med eitt eller anna, tar du kontakt med meg, trusseltelefonen versågod, og gir meg telefonnummeret til den eller dei du vil eg skal true. Det kan vere alt frå lette truslar om vald på grensa til kos, via knusing av kneskåler, heilt opp til truslar om drap. Trussel om småvald på ein person, priskategori A; trussel om drap av heile familiar, priskategori H, og så eit spekter i mellom A og H.

Ein samtale frå trusseltelefonen kan til dømes gå føre seg slik:
(det ringer)
- Hallo...?
- Ja, hei, goddag du, dette er fra trusseltelefonen - "Alt annet enn duer, for vi truer!" Du har gjerne høyrt om oss?
- Nei, men kva gjeld dette?
- Jo, no skal du høyre. Det har seg slik at du skuldar Hells Angels på Braut utanfor Bryne ganske mykje pengar. Eg forstår det slik at du driv litt med distribusjon av tyngre narkotiske stoff...?
- Nei... eller jo... litt
- Å, så koseleg! Sei meg, koss er det i stoffdistribusjonsnæringa om dagane? Eg har høyrt at det er nedgangstider, og lite å hente, særleg sidan politiet har skjerpa etterforskinga si?
- Ja, du kan seie det slik. Det er vanskeleg å rekruttere nye brukarar, folk er så jævla fornuftige om dagane. Bruker pengar og tid på ferier og slikt.
- Ja, har høyrt det. Så synd. Men, du: Saken er altså den at Hells Angels har bestilt en trussel via oss, og eg skal då bodbringe den til deg.
- Å, kva slags trussel er det?
- Det er ein uspesifisert trussel om avliving, prisklasse A, der du sjølv kan velge avrettingsmåte. Bestemmer du deg innan 10 dagar, får du ein refleksvest med på kjøpet.
- Så bra! Kan eg bestemme meg med ein gong?
- Ja.
- Då vel eg avretting ved pistolskot. Nei, forresten, eg tar hagle. Avsaga. I hovudet.
- Ja, då har eg notert det . Og då sender eg refleksvesten i posten til deg, ok?
- Heilt kanon! Og takk skal du ha. Hels Angels (latter) - tok du'an?
- (høg, skingrande latter) Ja! (meir latter) Eg skal helse. Ha det fint!
- Ha det!

Det geniale, om eg så må seie det, er jo her at du som har eit anstrengt forhold til ein person slepp å få på deg at du har trua noen, og eg som ikkje har eit anstrengt forhold til vedkomande kan overbringe trusselen, utan å setje deg i kontakt med den truga. Eg har tausheitsplikt, men samstundes kan politiet få overlevert månadleg ei liste over truslar frå meg, slik at dei i alle høve har oversyn over generelle truslar.

Eg ser og føre meg at verksemda kan utvidast til båe målformer, for viss du skriv nynorsk er det jo urettferdig å bli trua på bokmål. Trugsmålstelefonen.

Noen som vil vere med å investere?

Internett er moralsk

og har ein innebygd normerande funksjon. Prov: Viss Se og Hør skulle ha nytta namnet sitt i webadressa si, som jo er vanleg å gjere, hadde webadressa blitt "se og hor".

Dette synest eg var løye.

The World According to T9: 2

Igjen: Ordboka på telefonen min sender meg ut i vanskelege situasjonar. Sambuaren min boksar, og boksarar skal jo vegast føre kampar. Derfor sendte eg ho ei melding rett før veginga til kampen for nokre dagar sidan, og tenkte eg skulle løgne meg til med meldinga "Hei, tjukka." Slikt kan vere morosamt i anoreksi-idrettar som boksing og slikt. Men på min mobil blei det "Hei, ulukka."

Å kalle dama si "tjukka" er ein ting, "ulukke" noe heilt anna. Ulukke er ille. Dette veit eg blir sanksjonert. "Tjukka" kunne passere i konteksten, ho er slett ikkje tjukk, men "ulukka" passerer ikkje. Så no får eg se kva som skjer framover.

Lesing

Eg prøver om dagane å skape ei kobling mellom hyperteksten og ideen om det desentaliserte, avautoriserte. Fleire artiklar er skrivne om poststrukturalistisk teori versus WWW, men dei fleste følgjer direkte diskusjonane kring litteratur og dekonstruksjon, slik desse diskusjonane har blitt førte i akademia dei siste tiåra, lenge før WWW. Eg leitar etter det nye i sjølve lesaropplevinga på WWW. Eller lesargjerninga, lesarrolla. Sjølvsagt kan ein trekke poststrukturalistisk teori ned over eit kvart tekstmateriale, også det ein finn på WWW. Men seier det eigentleg noe nytt om det som skjer når ein les på digitale medier? Eg synest det verkar litt vel enkelt og tvangsprega å overføre tankane som er gjort kring lesing av litteratur frå papirverda til den digitale verda og WWW. Ideane om "writerly texts" versus "readerly texts", det multivokale i tekstane, lenkjer mellom ulike noder osv, (Barthes, Bakhtin, Derrida) er idear som kan seiast å gjelde WWW på ein direkte og konkret måte, sidan WWW faktisk er eit nettverk beståande av noder, lenka saman. Men eg har ei bestemt kjensle av at det blir for banalt å påstå at poststrukturalistisk tekstteori endeleg finn heim på WWW.

Instant Eidsvåg

Rockepresten er ute med ei ny plate igjen, diverre. For dei som ikkje gidd å kjøpe platene hans, men av ein eller annan grunn likevel er interessert i kva han syng om, vil eg gje ei oppsummering her. Dette er 50 av tekstane hans, i kortformat, utan rim og tonefølgje:

"Eg har så lyst til å pule deg, men kan av ulike årsaker strengt tatt ikkje gjere det.
Likevel gjer eg det, for eg kjem unna med det sidan det å synge om moralske brester er kult.
Dessutan tilgir i alle fall Gud meg. Trur eg."

Dette er kortforma av dei 50 neste tekstane hans:

"Eg lurer på om Gud finst. Eeeehhhh - jo. Eg trur han finst. Men eg tviler litt. Men trur litt og.
Derfor kan eg pule deg, av di det er kult med ein moralsk brest, og sidna Gud ikkje sender meg til Helvete. Kanskje."

Slik. No sparar du ein god slump pengar.

2y = 1g

Kor mange Groer går det på ein Yngve? Vel, Gro var jo ein yndling i si tid, utvilsamt særs dyktig. Og ho blei ei dame som fekk mykje å seie for heile Noreg, på godt og vondt, og sidan har ho blitt, eller prøvd å bli, ei internasjonal røyst. Likevel er det noe med den store skilnaden som ein etterkvart kan se mellom ulike partar i arbeidarrørsla. Går dette skiljet mellom akademikarane og ikkje-akademikarane, dei innfødde i ei arbeidarklasse og dei innfødde i eit parti? Eit slikt skilje, der akademikarane har hatt ein tendens til å dra til høgre, er, viss det er slik, trist for heile rørsla, og heile idéen om eit arbeidarparti. No om dagane går det ein diskusjon om tilhøvet mellom Gro Harlem Brundtland og Yngve Hågensen, der sistnemnte i biografien sin mellom mykje anna påstår at han er offer for ryktemakeri, og at motstandarane hans har nytta upolitiske verkemiddel mot han, mellom anna i kampen om posisjonen som LO-leiar. Kva om ein viktig grunn til desse konfliktane er skiljet mellom akademikarar og ikkje-akademikarar i arbeidarrørsla? Legestudenten Gro, statsrådsdotter frå Frogner, mot den foreldrelause Yngve frå barneheimen?

Sett vekk frå at dette er eit klassisk motiv (eller kan hende nettopp på grunn av det?) er det noe med ideala, grunnlaget for arbeidarrørsla som plagar meg ved tanken på ei Gro eller ein Jens som ideologisk leverandør til ei slik rørsle. Ikkje det at ein akademikar ikkje kan tilføre noe i arbedarrørsla, tvert om, og både Gro og Jens har gitt og gir sin skjerv. Men det er noe med det levde her; livet til ein som har vakse opp på ein barneheim, kontra ei som i barndomen berre har bekymra seg over å få sølvskeia ut før ho sette seg. Og det er også noe med det å kome frå økonomistudiene og rett inn i politikken, utan å ha kjent på noe anna enn eksamenspresset. Det handlar, som Stein Aabø seier i ein kommentar i Dagbladet 29.10., om språk og referansar. I dag er kjemien betre mellom LO-leiaren og leiaren av Ap, framleis ifølgje Aabø. Er grunnen at begge to er akademikarar med likt språk og referansar til den same verda?

Faren min var heile livet sitt ein glødande arbeidarpartimann, som kom frå fattige kår på ein gard langt inne i ein dal. Han tok seg jobb på ein fabrikk av di det ikkje var nok å leve av heime, og han blei på fabrikken heile det yrkesaktive livet sitt. For meg er han erke-arbeidaren. Han skatta bokleg kunnskap, sjølv om han aldri hadde råd til å studere i det heile. Berre ein i søskenflokken kunne sendast av garde på lærarskulen sjølv om fleire hadde hovud til det, og alle dei andre var med og betalte for studiene. Faren min ville formidle dette boklege vidare til oss. Han representerte moral, solidaritet, rak rygg og hardt arbeid, og levde ut fleire eigenskapar og ideal som i min generasjon berre kan kjennast igjen som omgrep og honnørord. Og han hadde ei bestemt kjensle av å vere med på å dyrke fram eit godt samfunn, sterkt motivert av at han sjølv hadde hatt det stridt i oppveksten.

Akkurat her er det noe ein gjerne gløymer i ei tid der grunnen til at ein 16-åring jobbar er at han skal ha råd til å finansiere kontantkorta sine, og der universitetsutdanning er noe nært ei tankelaus bigeskjeft ein held på med av symbolske årsaker. Trass i at eg ikkje er så gamal vel eg meg heller ein Yngve når noe skal seiast om solidaritet og likskap. Det kan godt vere sentimentalt pjatt, men eg stolar meir på ein ovnsarbeidar med gryande steinlunger som kjenner det i heile tilveret sitt viss samfunnet rundt han ikkje er hengsla, enn ein blåruss med lån i yen.

Og, come to think of it, her er grunnen til at eg ikkje skjøner meg på golf og fine bilar.

Gratla

til oss med det (snart) flunka nye universitetet her i Stavanger! Hipp, hipp! Ein kvar europeisk storby, seier Bondevik, treng ein katedral, eit universitet og eit fotballag i eliteserien. Katedral har vi hatt i hundrevis av år, og universitet får vi altså frå 1.1. neste år, men vi manglar eit elitelag. Framleis ifølgje Bondevik. Vel, vi manglar vel også ein stor by. Men, altså: Hurra for Universitetet i Stavanger.

januar 2006
ma ti on to fr
1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31
img