Lise
Vi ser Lise
Lise vil sile
"i i i i i" sa Lise.
Dette er ein tekst frå Åsne, dottera mi, si norskbok, Tuba Luba. "Kvifor må eg lese dette, pappa, det er jo bare tøys?" Og det kan eg jo vere samd i. Men no er det jo ein tradisjon i leseopplæringa å skile meining frå avkoding. Meining og avkoding er ulike storleikar.
Lise vil sile? Herregud.
Det KAN jo hende at forfatteren er fra finnmark, der sile og skli betyr det samme ;)
Tyder "sile" og "skli" det same i Finnmark? Det visste eg ikkje. Kan hende er finnmarksk nøkkelen til å forstå denne leseboka?
Jeg sa ihvertfall 'ei sila' om en sklie, og 'å sile' om å skli på en sklie, eller ake i en akebakke. Så flyttet jeg sörover og måtte lære meg nye ord for å bli forstått :D Du skal ikke se bort ifra at hele boken er er en finnmarkings hevn over söringene ;)
Hekkan, du øydelegg heile poenget mitt i den siste posten min ("Tuba Luba"). Jaja, meinte det ikkje så alvorleg.
jeg tror ikke det er så mange som leser kommentarene uansett ;)
Nei, skal vel vere glad viss noen les tekstane på bloggen...
det spörs det, bare :D
Viss du les min, så skal eg lese din ... :-)
der har vi en avtale! :)
Gudbrutle. Tenk at "Los ser sol. Are vil ha is." i god behavioristisk tradisjon fortsatt lever. Are Kalvø må jo vera så stappfull av vaniljeis, at det er rart han kan snakke.
Eg trur det handlar om skjulte bodskapar, og at vi har blitt lurt heilt sidan "Med A og B til Alababa", som var det behavioristiske avkodingsprogrammet eg blei utsett for. For nokre år sidan. Det er ikkje utan grunn termane ein finn i denne leseopplæringstradisjonen er henta frå forsvaret.
Men losen? Kva med losen? Kven var han? Og kvar tok han veien? Dette fekk me aldri svar på, verken på dette, eller på kva svarten ein los hadde å gjera i lesebøker til eit land som knapt lenger hadde bruk for dei. For øvrig tykkjer eg din eksegetiske runde med Tuba Luba-teksten om Ala og Ola [sett inn lenkje her] er eit skoleeksempel (pun intended) på god meiningssøkjing i meningslaus tekst. (Dette viser óg kor lite viktig dialogen i ein tekst egentleg er, og kor mykje me sjølv vel og lesa inn i han.)
Eg trudde ikkje du var så postmoderne, Kjellit?
http://app.sprayblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=41000