Tuba Luba
Igjen, frå dottera mi si lesebok, Tuba Luba, for 2.-klasse:
Her er Ola og Ala.
Ala vil sile.
Ola vil sile.
Ala slo Ola.
Ala er lei.
Dette forstår eg ikkje. Innleiinga er grei, med ein oversiktleg presentasjon av heile persongalleriet. Deretter byrjar konflikten å dra seg til. I dette tilfellet dreier konflikten seg om at begge personane i forteljinga, både Ala og Ola, ønskjer å sile. Det kjem ikkje fram i historia kva dei ønskjer å sile, kan hende er det støypesand? Mjøl? Dette hadde vore eit mysterium, hadde det ikkje vore for klimakset, som røper ei aggressiv haldning hos Ala:
"Ala slo Ola."
Kva kan grunnen vere til Alas valdelege framferd? Den mest sannsynlege forklåringa, slik eg ser det, ligg nettopp i det som skal silast. Teksten nemner som sagt ikkje kva dei skal sile, men gjennom Alas framferd anar vi at det dreier seg om noe som kan utløyse sterke kjensler, og, som her, i ein pressa situasjon, vald. Dette noe er, etter mitt syn, mest sannsynleg eit narkotisk stoff i pulverform, til dømes kokain, som skal preparerast for bruk, og muleg pakkast inn i brukardoser for vidaresal. Kva anna er det som både utløyser slagsmål og som kan silast?
Dette gir oss eit nytt perspektiv: Teksten om Ola og Ala handlar om eit narktikaoppgjer.
Teksten gir oss ingen bakgrunnsinformasjon om verken Ola eller Ala, og det einaste sikre vi veit om dette paret, er at Ala har valdstendensar. Dette kan tyde på ein vanskeleg oppvekst, der Ala sjølv har vore vitne til eller offer for vald. Kan Ala vere ein innvandrar, komen til Noreg frå eit krigsherja land, utan naudsynt oppfølgjing? Vi veit likevel lite om Ala. Sidan dette eit narkotikaoppgjer, kan det vere tale om ein vanskjøtta innvandrarungdom sosialisert inn i feil miljø, men Ala kan og vere ein representant frå den stadig hardare austeuropeiske mafiaen. Endå meir komplisert blir det når illustrasjonane til historia framstiller Ala som ein apekatt. Det som i teksten kan se ut som ei nyansert problematisering av ein vanskelegstilt ungdom frå eit anna land, blir av illustrasjonane dreidd i retning av reinspikka rasisme, i den stereotype påstanden: "Alle utlendingar har rare namn og ser ut som apekattar."
Namnet "Ola" tyder på at dette er snakk om ein nordmann. Men namnet står i grell kontrast til personen: Bak det uskuldige, trauste bygdenamnet skjuler det seg ein pushar i ein fortvila situasjon. Ola er sannsynlegvis styrt av Ala, sidan det er Ola som blir offer for Alas aggressivitet. Likevel: Ola er med på dette. Han er aktiv, velgjande, og vel vitande om at Ola er ein nordmann, framstår han dermed som ein som har kunna gjort det gode, men som har valt det vekk. Han er ein friviljug idiot.
Forteljinga blir avslutta med ei skildring av Alas sinnstemning i etterkant av heile oppgjeret: "Ala er lei." Ein augneblink lurer vi på om Ala sig ihop i ettertanke og anger og tenkjer at han ikkje burde ha slått Ola. Likevel: Forteljinga inneheld såpass mange samfunnsrealistiske element (innvandrarbakgrunnen til Ala, den problematiske oppveksten med vald og mishandling, osv.) at ei så idyllisk og optimistisk avslutning på eit narkotikaoppgjer ikkje kan vere det forfattaren vil. At Ala er lei, tyder rett og slett at han har fått nok. Det handlar om ein ungdom i ein pressa situasjon, med eit stort behov for pengar, kan hende har han opparbeidd seg ei narkogjeld til sine leverandørar? I denne situasjonen ser han seg lei på at Ola, den bortskjemte guten frå velståande Noreg, blandar seg for mykje inn; Ola masar trass alt om å få sile. Slutten peikar i retning av at Ala ikkje berre er i stand til å slå Ola. Han er i ein så fortvila situasjon, med ein bortskjemt svekling av ein makker på den eine sida, og den russiske mafiaen på den andre sida, at han i desperasjon planlegg å ta livet av Ola. Slutten er berre tilsynelatande open, og følgjer ein dei samfunnsrealistiske peikarane i forteljinga, skjøner vi at Ala kjem til å drepe Ola.
Slik endar forteljinga i ei dobbel tragedie. Tematikken dreier seg på den eine sida om tilveret til ein ungdom som har flykta frå eit øydelagt og herja samfunn, ein situasjon som har ført til eit pervertert menneskesyn. På den andre sida har vi den bortskjemte nordmannen Ola, som har hatt alle mulegheiter i verda, men som velger det vonde. I skjerinspunktet mellom desse to lagnadene, den aktivt velgande vonde og det passive offeret for det vonde, finn vi temaet i forteljinga.
Men å utsetje 7-8-åringar for dette?

Kommentarer:
Postet av: Semikolon
Eg tenkjer på den type teflon-poesi som har ein lei tendens til aldri å hekta seg på minnet. Sjølv om ein tenkjer så det kvin, er det ikkje noko som sit att. Og når ein tenkjer på kor 'mange' som les slik poesi - og kvifor dei ikkje gjer det - bør ein verkeleg spørja om ein ikkje har snudd pensum opp ned.
Postet av: A.O.
Ja, heilt samd i dette. Men slike lesebøker (såkalla "mus-i-mur"-bøker, var det ikkje det dei blei kalla?) gir seg vel ikkje ut for å vere poesisamlingar? Greiene her er vel lydinnlæring, utan for mykje fokus på innhald?
Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.sprayblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=41083