Lesing
Eg prøver om dagane å skape ei kobling mellom hyperteksten og ideen om det desentaliserte, avautoriserte. Fleire artiklar er skrivne om poststrukturalistisk teori versus WWW, men dei fleste følgjer direkte diskusjonane kring litteratur og dekonstruksjon, slik desse diskusjonane har blitt førte i akademia dei siste tiåra, lenge før WWW. Eg leitar etter det nye i sjølve lesaropplevinga på WWW. Eller lesargjerninga, lesarrolla. Sjølvsagt kan ein trekke poststrukturalistisk teori ned over eit kvart tekstmateriale, også det ein finn på WWW. Men seier det eigentleg noe nytt om det som skjer når ein les på digitale medier? Eg synest det verkar litt vel enkelt og tvangsprega å overføre tankane som er gjort kring lesing av litteratur frå papirverda til den digitale verda og WWW. Ideane om "writerly texts" versus "readerly texts", det multivokale i tekstane, lenkjer mellom ulike noder osv, (Barthes, Bakhtin, Derrida) er idear som kan seiast å gjelde WWW på ein direkte og konkret måte, sidan WWW faktisk er eit nettverk beståande av noder, lenka saman. Men eg har ei bestemt kjensle av at det blir for banalt å påstå at poststrukturalistisk tekstteori endeleg finn heim på WWW.
Tankar om lesing av digitale tekstar 1: Kommunikasjon ved hjelp av ei datamaskin vil aldri vere virtuell
Det er derfor meiningslaust å snakke om virtuelle tekstar. Kommunikasjonen ved hjelp av ei datamaskin har andre referanser, andre rammer, enn munnleg og skriftleg kommunikasjon elles. Innan desse rammene er det tale om ein kommunikasjon med sine vesenskjenneteikn, noen like, andre ulike andre typar kommunikasjon. Derfor er slike tekstar aldri virtuelle. Uansett om du i ein kommunikasjonssituasjon nytter mediet til å imitere andre personar, vere i konstruerte settingar (til dømes innan rammene av eit spel), er ikkje det snakk om virtuell kommunikasjon. Kommunikasjonen er reell nok, men følgjer andre reglar og rettar seg etter andre sjangerkrav. Baudrillard vil kalle slike tekstar virtuelle; viss du opnar boksen under skjermen der teksten ligg lagra, vil du ikkje finne noe som liknar ein tekst, berre binære talkodar. Men gjer dette teksten virtuell? Kva skal i så fall til for at teksten ikkje er virtuell - eit papir? Kva ventar du då å finne om du opnar strupa til ein som nettopp har snakka til deg?