Ord som bør ut av det norske språket. Norsk fy-ordliste 1
Sensuell
Dette ordet blir brukt på to måtar: a) om noe som du ikkje heilt veit kva er, sidan intellektet ditt ikkje strekk til: ”Denne filmen var så sensuell”, ”Ein sensuell matrett”; og b) om noe du blir seksuelt opphissa av, men der du ikkje torer innrømme det: ”Jørn Hoel er så sensuell” (ofte sagt av ei middelaldrande dame). Når det gjeld a) er denne bruken mest utbreidd blant kulturjournalistar som ikkje heilt les bøker og ikkje høyrer skilnaden på Knudsen og Ludvigsen. Under b) kan ein direkte omsetje ordet med ”seksuell”. Dette ordet blir oftast brukt av kvinner, men også av kvinnoider, som til dømes østrogenrike, mannlege (sett frå ein biologisk ståstad) lærar- eller sosialhøgskulestudentar.
Ordet bør fjernast i ein tiårsperiode, og så takast inn igjen gradvis. Magasin som KK og Det Nye bør ikkje få lov til å bruke dette ordet før i 2025, etter ei grundig opplæring.

E-bøker
Eg skjøner ikkje heilt dette med elektroniske bøker. Fleire drøftar e-bøker, og fleire peikar på at den store hindringa har med opphavsrettar å gjere.
Eg er heilt usamd i at den største hindringa for e-bøker er tilhøve som har med opphavsrett å gjere. Hindringa ligg i sjølve konseptet, som etter mitt skjønn er eit resultat av ein teknologisk-deterministisk tenkning, heilt typisk i brytingsfaser mellom nye og gamle medier. McLuhan kallar dette eit "Horseless Carriage"-fenomen: I den første tida med bil, blei bilen ofte referert til som "a horseless carriage".
Diskusjonen er, etter mitt skjønn, for mykje prega av tenkning kring teknologi, og for lite prega av _lesaren_; lesing som fenomen. Kva er det å lese (og skrive), og koss kan kunnskapar om lesing seie noe om koss lesing (og skriving) føregår (og vil kome til å føregå) på digitale medier? Eg har jobba ein del med dette, og meiner det er lite som talar for at vi intuitivt og automatisk tar med oss boka slik ho ser ut i dag over på ei leseplate, ein pda eller liknande. Det er faktisk mykje kvalitativt nytt å spore i leseprosessane til folk når dei les på digitale medier, som ikkje berre ganske enkelt handlar om å følgje lenker inn og ut av tekstar.
Eg trur nok at vi vil se digitale lesemedier, og at ny teknologi får konsekvensar i ulike retningar for koss vi les, men eg trur ikkje på e-boka slik ho blir framstilt i dag, og slik det ser ut som om ho er i ferd med å etablere seg som kommersielt produkt.
Etter mitt skjønn er altså eboka ei hestelaus vogn, eit overgangsfenomen skapa heilt etter boka (no pun intended!) slik det pleier å vere i overgangen til eit nytt medium. Papirboka og prenteteknikken kopierte jo også først alt frå manuskriptkulturen. Først etter eit par hundre år kunne ein se at boka faktisk fekk nokså omgripande kognitive effektar. Gutenbergprenta handla på eitt plan om heilt andre ting enn effektiv formidling, slik elektronisk publisering av tekstar også vil gjere det. Dei største endringane trur eg føregår på eit kognitivt plan, ikkje på eit teknologisk, og lesaren er nøkkelen for å forstå desse endringane, ikkje teknologien.

Plagsomme fenomen relatert til musikk 2: Disc Jockey'en
Ein DJ er ein person som speler platene sine for andre. Greia er å finne plater som folk kan danse til, eller lytte til, eller begge delar, og så syte føre å spele fleire låtar etter kvarandre, slik at folk kan danse eller lytte så mykje dei vil. Sidan musikk no som oftast blir gitt ut digitalt, og digitale musikkprogram er lett og billeg tilgjengeleg for folk flest, er det også ei greie blant nokre DJ'ar å spleise eit par låtar, for å skape ei ny låt, eller ein meir eller mindre artig blanding av to låtar. Dei skikkeleg kreative kjøper seg ein CD med ulike trommeloopar, eller ein rytmeboks, og lagar sine eigne rytmer, som dei jamvel gir ut på CD.
Felles for alle typar DJ er at dei blir det dei blir av å trykke på ein knapp det står PLAY på. Ein DJ er ein person som har plater, eller tilgang på plater, platespelarar eller tilgang på dette (eventuelt også ein Groovebox/trommemaskin/loop-CD'ar og ein PC å blande rytmar på), og viktigast: Ein peikefinger til å iverksette det som alt er spelt inn. Big deal. 8000 kroner og ein peikefinger, så er du i bransjen.
Ok, ein som skal spele plater som skal få andre til å lytte, kan jo med fordel ha greie på musikk slik at han veit kva som er in til ei kvar tid. Han kan altså ha greie på trendar, lese noen blad eller plukka opp noen tips. Men bak det å spele plater ligg det lite kreativt. Eller rettare: Det kan vel kallast kreativt, skapande, på den same måten som det skifte kanal på TV'en er skapande. Visst kan akkurat det kallast skapande, men på eit særs lågt nivå, taksonomisk sett: Følgjer du Bloom, handlar dette om reproduksjon, nokså langt nede på taksonomitrappa.
Du har dei som speler musikk, og du har dei som speler plater. Du har dei som kjøper eit instrument av lidenskap, øver, lagar låtar, brukar tida si på å skape, musikarane altså, og du har dei som speler platene deira. Om dei speler dei for 500 på ein nattklubb eller for den irriterande, snåttsleikande lillesøstera heime på guterommet speler i prinsippet inga rolle. Å trykke på play for å formidle eit åndsverk er prinsippielt den same operasjonen uansett kor du gjer det.
Fenomenet kan i høgda kallast interaktiv lytting. Om lag som om når eg les på nettet, eller speler eit spel på X-Box'en min: Eg gjer val som får konsekvensar for det som skjer på skjermen. DJ'en gjer krav på medforfattarskapen her; han er opphøgd (i dobbel forstand: sjekk DJ-boksane, 2 meter over alle andre) til ein artist. Kor vridd er ikkje det? Om lag som om eg speler Colin McRae på X-Box'en, filmar det, og gir det ut på DVD? Eller drar med meg ein PC med Doom på til ein kinosal, og framstiller spelrunden min som ein film, som noe som er interessant for andre? Eller om lag som om eg følgjer ein tanke på internett, og hoppar frå lenke til lenke, og gjer krav på å vere forfattar?
Joda, noen må spele plater på nattklubbar. Heilt greitt, noen må stå i døra, servere og vaske også. Eg dansar rett nok aldri, kjenner meg som ei sjøku når eg beveger meg ut på dansegolvet, men eg speler mykje. Og det hender eg er på nattklubbar der ein DJ speler, men eg vil tru eg ikkje er i målgruppa, sidan eg ikkje gidd danse. Likevel har eg vore på happenings der profilerte DJ'ar har vore hovudattraksjonen. Eg har og kjøpt CD'ar kompilert, remixa (og jamvel "skapa" av DJ'ar, på den måten at dei har trykt på PLAY på rytmeboksen og ein bass-loop samstundes) av DJ'ar. Umåteleg kjedeleg å høyre på, for dei av oss som er vant til å jobbe med loops/trommeprogrammering som ein del av eit skapt uttrykk. Eg har prøvd og prøvd å se det artistiske ved ulike DJ'ar, men eg ser det berre ikkje.
Eg kan likevel se funksjonen ein DJ har: Han som speler platene. Men ikkje bland begrep som "skapande", "kreativ" og "utøvande" inn i dette. Å spele plater er å formidle musikk skapt av andre, og det skal dei andre ha æra for, ikkje han som drog med seg platene på festen.

Meteorologisk institutt er ein konspirasjon
Eg såg på NRK hin dagen og lærte at måneferda i 69 var ein Hollywood-hoax, med Stanley Kubrick som ein sentral aktør. Dette trur eg er heilt sant, og det finst mange døme på at verda ikkje er som vi trur ho er.
Ein liknande svindel trur eg faktisk Meteorologisk institutt er. Eg trur ikkje det finst meteorologar, Meteorologisk institutt, metoder for vitskapleg analyse av meterologiske fenomen og for å skape verprognoser. Eg meiner å ha avslørt dei i dag, og metoden dei bruker er den same som du og eg: Det sit noen og kikkar ut gjennom kontorvindauget. Så melder dei akkurat det dei ser.
I dag tidleg sjekka eg veret for Stavanger på nettet, og her skulle det vere sol, med litt skyer av og til, og 18 grader. Eg såg ut vindauget og tenkte at det stemmer nok. Det blir akkurat som i går.
Etter litt jobbing, lufting av hund, kaffidrikking osv, kikka eg ut av vindauget igjen, og såg at her var det ikkje så veldig mykje sol. Det var jamvel nokre svære, svarte skyer i nærleiken. Men dette stemmer jo ikkje med varselet på internett, tenkte eg, og sjekka igjen nettsidene. Og kva hadde skjedd? Heilt rett, meteorologane hadde gjort det same som eg, og kika ut vindauget. Deretter hadde dei sikkert hatt eit lite møte, og bestemt at dei må justere vermeldinga for dagen, sidan det er skilnader frå dagen før. Så gjekk den mest web-kunnige inn på nettet, og endra symbola slik at det var litt lågare temperatur, litt meir vind og litt meir skyer. Dessutan hadde dei lagt til nokre regndråpar henimot ettermiddagen, sidan dei og sikkert såg dei svarte skyene.
Dette er ekte, real-time vervarsling. Men kven treng vel det? Det kan eg jo gjere sjølv.
Eg er viss på at langtidsprognosene føregår etter eit demokratisk prinsipp: "Rekk opp neven dei som trur at det blir dritver neste veke. Ok, 3 mot 2, vi melder lett bris og nokre små, lette skyer, og tåke langs kysten. Du, Gunnar, går til PC'en og teiknar opp ei sol, og så teiknar du eit par skyer foran. Det blir fint. Sånn, det var Rogaland. Skal vi ta Agder før lønsj?"
Nemninga "meteorolog" skal innebere at ein person har, etter vitskaplege metodar, greie på rørslene og stoda til atmosfæra. Men dette bør avslørast som ein statleg konspirasjon for å roe oss, eller hisse oss opp (alt etter som) foran feriar, og helger. Tenk på det: Når har dei hatt ein treffprosent som angir høgare sannsynlegheit enn gjetting? Meteorologane er meteorologoidar.
Dette er noe Gerhardsen har sett igang. Eller Nygaardsvoldregjeringa. Nordmenn er meir opptatt av veret enn av sex, dop og rock'n'roll, så det er i grunnen heilt genialt: Heile nasjonen blir hissa opp eller ned etter behov, av noen regionalt tilsette funksjonærar som publiserer vervarsel.
Eitt døme for å vise at eg har rett: Kva ver blei til dømes spådd framføre sist stortingsval? Jo, strålande sol, og varme. Kvifor? Sjølvsagt er dette ein konspirasjon. Interesser høgt oppe i statsadministrasjonen og NRK visste at brorparten av velgarane ville halde fram med flukta frå venstre til midten og høgre, viss dei gjekk til valurnene. Bondevik jobba intenst for å få Meteorologisk institutt til å melde regn og bris, men NRK, AP og SV vann fram med sine prognoser. Derfor greidde dei å dempe den borgarlege sigeren. Tenk koss det politiske landskapet hadde sett ut viss det blei varsla dårleg ver og folk strøymde til urnene?
I totalitære regimer drep dei folk for å hindre dei i å stemme, her melder dei sol.

Krokanis
Er det berre eg som ikkje liker krokanis? Eg liker is, og eg liker krokan, men ikkje i kombinasjon. Saman er det om lag som å ete is med sand i. Det løgne er at eg gjerne et is med sjokoladebetar i; sjokoladebetane er ikkje fiendtlege - dei er mjuke og venlege. Softis med strø er også heilt ok, for då ligg alt oppå, og ikkje skjult inni. Krokanen blør, er i ein ekkel oppløysing, og smittar av til omgjevnadene rundt. Ekkelt, og veldig bakterie-aktig. Krokan i vaniljeis minner meg om vannkoppar når dei har tørka ut, på ein kvit barnekropp.
Krokan i vaniljeis trur eg appellerer til eit urinstinkt som handlar om at noe ikkje-spiseleg har blanda seg i maten. Augene mine fortel meg at eg er i ferd med å sleike i meg ein unge med vannkoppar. Munnen min fortel meg at det er mellomstore steinar i munnen min, og at desse må ut. Forfedrene mine har slik lært meg å ikkje ete krokanis, og det har eg respekt for.

Eit hundeliv 2
Eg er ingen stor hundeoppdragar. Eg er rett og slett for lite merksam. Eg har altså lært av dette at hundekvalpar på 11 veker må fotfølgjast, viss dei ikkje skal pisse inne. Og slik gjekk dagane.
Snill hund, men full av vatn som vil ut.

Det er typisk norsk å vere polsk
Kalde julidagar kan nyttast til så mangt. Eg trur eg har funne løysinga på sidemålsproblematikken, og med det løysinga på fleire problem, her til lands.
Som vi alle veit kostar det jo mykje å ha to sidestilte målformer her til lands. Dokument må lagast i ulike versjonar, og ikkje minst kostar det å lære opp alle i Noreg i eit sidemål, ved sida av eit hovudmål. Det er heilt merkeleg, men løysinga ligg rett under nasa vår, og eg kom på det då eg gløtta opp frå skjermen i dag tidleg og såg ein snekkar hamre laus på eitt av nabohusa.
Løysinga er nemleg verken bokmål, nynorsk eller samnorsk. Løysinga ligg ein heilt annan plass:
Saka er, la oss alle innrøme det, at det smakar meir enn det kostar å oppretthalde nynorsken. Vel er det skjønt å lese lyrikk på nynorsk, men det er nokså opplagt (blant anna som du kan se på denne bloggen her) at nynorsk ikkje er eigna til kommunikasjon. Nynorsk er eit kjenslespråk. Derfor må nynorsken dø. Det kostar for mykje pengar å lære opp alle i Noreg i eit lite nyttig skriftspråk, og det kostar endå meir å lære opp treige lærarar.
Kvifor er det då inga løysing å standardisere på bokmålet slik vi kjenner og elsker det?
Jo, av di det også er for dyrt. Det er snakk om kostnader, ikkje sant? Og ein morsmålslærar frå Noreg er dyr i drift, uansett om han lærer vekk nynorsk eller bokmål. MÅ vi absolutt lære norsk, berre av di vi bur i Noreg? Kor står det at vi døyr av å kommunisere på eit billegare språk?
No tenkjer du sikkert "AHA! Han vil innføre engelsk over heile fjøla, sidan språket vårt er så influert av engelsk allereie." Men nei: Engelsken er også for dyr. Ein morsmålslærar frå England eller USA er ikkje særleg mykje billegare i drift enn ein norsk lærar. Tilbake til snekkaren eg såg i dag tidleg:
Eg luska nemleg ut og snakka med snekkaren. Han var, som eg trudde, frå Polen, og snekra laus på huset til 55 kroner timen. "Er ikkje dette lite, då?", spurde eg. "Neida" sa han, "mykje betre enn det eg er vant med."
Der har du det. Løysinga er å erstatte norsk med polsk, og innføre på brei front polske morsmålslærarar. Og i ei overgangsfase erstatter vi alle journalistar, forfattarar og andre skrivande med polske erstatningar, og det geniale: Til ein timepris på 55 kroner!
Fordelane overgår heilt klårt ulempene. Vel blir det litt stress i ein periode, men vi frigjer utrulege midlar: Vi kan auke pensjonsutbetalingane, bygge eldrebustader på 110 kvadrat med to pleiarar per pensjonist. Og pleiarane kan også vere 55-kronerspleiarar frå Polen. Vi kan ruste opp forsvaret vårt, bygge nye barnehagar og skular, og auke kontantstøtta til å gjelde både mødre og fedrer i ein periode på 4 år. Vi kan jamvel setje igang med vårt eige romfartsprogram, og i norsk pioner-ånd bli den første nasjonen som innfører sosialdemokrati, kontantstøtte og polsk som morsmål utanfor vårt eige solsystem. Vi vil bli ein føregangsnasjon i heile verda, og på myntane våre vil vi prege ein lettare omarbeidd Brundtland: "Det er typisk norsk å vere polsk."
Mulegheitene er enorme.
Det gjeld berre å tenkje rett. Og tenk: Viss vi i tillegg kuttar ut divisjon frå matematikkundervisinga, og berre konsentrerer oss om 3 rekneartar?
Tankane gjer meg svimmel. Eg fortener ei statue framføre slottet. Eller ein kopp kaffi.

Plagsomme fenomen relatert til musikk 1: Musikkjournalistar
Eg greier ikkje heilt dette med musikkjournalistar. Det slo meg ekstra i samband med Idol-runden, då Dagblad-journalisten Thomas Strzelecki var i dommarpanelet. Idol-konseptet er forsåvidt ein eigen diskusjon, men innanfor rammene dei set, å prøve å stemme fram eit kommersielt produkt, skil Idol seg vel nokså lite frå store delar av platebransjen for øvrig. For denne diskusjonens skuld: Eg har ingen problem med å høyre ein artist framføre ei låt, for så å bedømme vedkomande etter sceneframtoning, stemmekvalitet og musikalitet. Igjen; Innanfor rammene av Idol er det snakk om å finne ei vare som kan marknadsførast etter både visuelle og musikalske kriterier. Det er ei konkurranse, og det handlar berre delvis om musikk, og rettar seg mest mot fjortisar i alle aldre. Synd, men trist, men sant.
Det som slo meg først i løpet av Idol-rundane, var at eg nesten konsekvent var ueinig i alle vurderingane til Thomas Strzelecki. Javel, Idol er Idol, og javel, det handlar ikkje så mykje om musikk. Men visse ting er målbare, også innan musikk. Syng ein person surt, så syng han surt. Er ein musikar upresis, så er han upresis. Kan du telle til 4 så kan du det. Kan du det ikkje, så blir du ikkje trommis. Eg er gjerne gammaldags, men eg meiner at ein musikkjournalist bør høyre slike ting. Kva kriterier skal elles gjelde? Sjølvsagt tel og andre kvalitetar når ein artist skal pushast i alle medier, men utgangspunktet for ein musiker er musikalitet.
Når journalistar av kvaliteten Strzelecki slepp til i mediene, forsvinn ein del parameter for å vurdere musikk og nokre nye kjem til. Det er mi klåre oppfatting at Strzelecki ikkje høyrer a) tonar eller b) takt eller det litt meir udefinerbare (men likefullt eit teikn på musikalsk kvalitet) c) om eit arrangement eller band er på plass i forhold til rytme, måte å framføre låta på, osv: om det groover.
Det eg berre opplever med personar som er nådelaust umusikalske, og herunder nemnte journalist, er alle andre parametra som kjem til, som erstatning for det desse personane ikkje høyrer i musikken. Eg forstår at nokre vurderingsparameter er subjektive, som karisma og utstråling. Men når ein person manglar toneøyre og berre vurderer koss ein artist tonar seg fram, bør vel vedkomande kjøpe seg ei bok om film og bli filmanmeldar heller? Eller ein Grandis, litt ekstra ost, og kose seg med Det Nye? Idolrundane var ein demonstrasjon av ein musikkjournalists manglande musikalske emne, og den same journalistens emne til å (prøve å) kompensere for dette.
Derfor har vi fenomen som St. Thomas (nemnt elsewhere i bloggen). Ein journalist og to har sett noe Neil Young-liknande, høyrt to refreng som det går an å nynne til, ("I've been running away, sudelidimdamdei, sudelidimdamdei") og skapt ein hype. Den litt sjuke rettvisdomen her er jo at dei same journalistane elsker å sable ned artistane dei har vore med på veg opp, når artisten først er etablert.
I motsatt ende av entusiasmen for talentlause artistar, har du den tilsvarande hetsen mot flinkisane. Dette er sjølvsagt direkte relatert til kompleksa: Artistar som har blitt flinke, fått til å spele på gitaren sin, ulikt journalisten sjølv, skal taklast. "Flink" er eit minusord, merkeleg nok, i desse krinsane; ein kan høyre utsegn som "det var bra, men flinkt." St. Thomas blir vel då eit pop-alibi for mislukka musikkjournalistar, eit musikalsk hide-out for folk som gjerne vil se at også dei som ikkje høyrer skilnad på ein C og ein D kan stå på ei scene med ein gitar. Ein rørande tanke med grusomme aurale konsekvensar.
Eg vil for ordens skuld leggje til at eg les med stor glede plate- og konsertmeldingar av reflekterte journalistar med gode formidlingsemne, høgt kunnskapsnivå og eit minstemål av peiling på kva som skjer mellom musikarane. Slike journalistar finst og, om enn i mindretal.

Eit hundeliv 1
Eg er så sinnsjukt nøgd med at eg greier å redde ut den 10 veker gamle Springer Spaniel-tispa vår før ho pissar på golvet. Eg likar hundar, avskyr kattar, men kjenner eg blir stressa av å måtte fotfølgje ein kvalp for å unngå flekkar og kablar her og der. Så når hunden no ser ut til tenkje at plen = avføring, må eg konkludere med at eg har gjort eitt eller anna rett. Eg er ingen stor hundepsykolog, men Demi (prøv å finne eit tispenamn på D) og eg har ei god forståing for kvarandre, trass i at vi ikkje har budd saman særleg lenge. Eg gir ho mat og kos, og ho legg seg på føtene mine, og pissar på plenen. Beast and Man.
Vel...
Eg imponerer ikkje akkurat med dette oversynet over kor eg har vore i verda. Ser ut som om eg berre har sykla litt rundt oppi nord der ein plass...

create your own visited country map
or write about it on the open travel guide

LMS og Mac
Eg tar det som ein personleg siger at It:solutions, som lagar It's:learning no har kome med ein Java-editor som også funkar på Mac. Etter eitt og eit halvt år med masing og lovnader om snarleg løysing er It's:learning no brukande på Mac OSX. Fantastisk. No går det endeleg an å publisere læremateriell for oss og.
Hipp, hipp.
Hipp, hipp.
Michael Moore, Carl I. Hagen og Jesus
Eg har den obligatoriske sansen for Michael Moore eg, som alle andre her til lands, i alle fall. Likevel er eg skeptisk til personar opphøgd til fenomen på denne måten. Eg var på eit seminar om retorikk i Danmark, der representantar for ulike retoriske miljø i Noreg og Danmark var til stades. På dette seminaret gjekk det opp for meg at Moore har opparbeidd seg ein Jesus-status for ein del personar tilknytt venstresida her til lands. Dette er for så vidt ikkje særleg overraskande, det er vel noe slikt Moore har sett føre seg sjølv. Eller: Det ser ut som om det er dette Moore reknar med, og blir litt sur viss det ikkje skjer. Det overraskande på dette seminaret var at delar av det retoriske miljøet her til lands, særleg i Bergen, nytta Moore og hans bøker/filmar som eit døme på koss retorikk avslører maktforhold.
Retorikk handlar om talekunst, og det er framleis populært å ta utgangspunkt i klassiske, antikke retoriske omgrep og modellar for å analysere tekstar. På dette seminaret høyrte eg nokre analysar av politiske diskusjonar/intervju av politikarar, blant anna med det for auge å avsløre språklege maktstrategiar. Moore var ikkje eit direkte analyseobjekt, men han blei hyppig referert til, og då som eit føregangsbilete når det gjeld å avsløre maktforhold.
Det overraska meg at analysane eg høyrte var like moralistiske og normative som Moores eigne analysar. Moore, om enn kor rett han har i mykje, er skulda for å ha triksa med kronologi og tal. Dette er ikkje bra, særleg ikkje når du kritiserer så viktige tema og så store forhold som Moore gjer. Å ta Moore til inntekt for sine eigne syn utan vidare, å nytte han som eit døme på god retorikk, er ikkje ein bra måte å legitimere sine eigne analyser på. Å trykke Moore til brystet som "ein god retoriker" blir like meiningslaust som å gjere det same med Carl I. Hagen. Eller like meiningsfylt, alt ettersom. Du kan vere ein overtydande talar som vender mengder av folk om til ditt syn, men ein god retorisk analyse vil avsløre usanningar og snarvegar, til dømes i faktautval.
Carl I. Hagen er ikkje eit problem, for han taler ikkje etter linjene til den intellektuelle elita i det heile. Tvert om. Det er eit venstrehandsarbeid for dei aller fleste å knekke utspel som dei han kom med frå ein eller annan preikestol no sist.
Michael Moore, derimot, er på ein del måtar ein ønskefigur for gammalkommunistar, som i mange år har leita etter måtar å ta USA på. Desse gammalkommunistane sit no i gode stillingar som legar og professorar, og nyt ein høg sosial og kulturell status. Endeleg får dei servert på fat det dei har hatt våte draumar om sidan ultimo 1960: Store delar av USA, presidenten, skodespelarar og fleire (dei fleste) andre blir avslørt som idiotar.
Sjølvsagt er det lett å like at dette skjer. Eg og likar dette, sjølv om eg ikkje er så langt til venstre som det dagens gammalkommunistar har vore. (Det er jo ikkje dei heller lenger.) Men er det god analyse? Er det moralsk og etisk rett? Eg trur nok Moore gjer ein god jobb med både bøker, filmar og tv-program. Men er han eit godt forbilde for dei av oss som har lyst til å avsløre språkleg maktbruk?

What's Eating Windows?
Ikkje akkurat meininga å henfalle til den gamle og litt banale diskusjonen om kva OS som er best. Likevel sluttar eg ikkje å undre meg over fenomenet Windows. Mine tankar om dette, ver venleg å late deg provosere:
Eg har sjølv alltid brukt Mac, heilt sidan dei tidlige studiedagane rundt 1990, trass i studievener som åtvara meg mot det utdøyande Mac OS. På den tida var Mac framleis to hestehovud foran Windows, med TrueType-teknologi, QuickTime (litt seinare), eit overlegent brukargrensesnitt og ei maskin som sjeldan bomba. Å bruke Windows på den tida var i beste fall ei spennande oppleving. Mot slutten av 90-talet, rett etter Win 95, byrja Apple verkeleg å slite, med dårleg maskinvare, og eit utdatert OS som berre trøbla. Det var omlag på denne tida eg hoppa av Mac-skuta og kjøpte meg ei Win95-maskin.
Alle Windows-maskiner eg har hatt, har gjort meg lukkeleg i eit halvt år. Dei følgjer alltid ein rar 6-månaders-syklus. Etter 6 månader er dei fulle av systembugs og virus, og krasjer i hytt og helvete. Eg ender alltid opp med den same kjensla: Ei slik maskin torer eg ikkje å tiltru alle dokumenta mine. Kvifor skal eg risikere årevis med arbeid når eg strengt tatt ikkje treng å risikere dette?
W95-maskina mi står i ei bod ein eller annan plass, og blei erstatta av ein Mac i 98, ca. Himmelsk, reint bortsett frå at MacOS framleis bomba som ein amerikans president. Likevel kjøpte eg meg for eit års tid sidan ein bærbar pc, HP eittelleranna. Same leksa: Begeistra dei første månadene, sidan frykteleg irritert. Denne gongen var det faktisk litt verre enn i 98. Windows XP er like ille som forgjengarane, men nettbruken har auka, og virusproblemet er derfor langt større. I dag toppa det seg fullstendig. Ca 8 månader etter at eg kjøpte maskina, ferdig konfigurert, og fullstendig fulgt opp med systemoppdateringar og virusdefinisjonar, har ho gått heilt i frø: IE funkar i 30 sekund, før det går ned for telling, alt går enormt treigt (30 sek frå eg trykker på START-menyen til noe skjer, 5 minutts boot-tid, treig oppdatering av vindauga osv), koblar seg av og på det trådlause nettverket heilt umotivert, osv osv. Det galne er at eg nytta maskina til heilt daglegdagse gjeremål; mail, Word, Internett, osv.
Sambuaren min har ein PC ståande i kjellaren, den også heilt ubrukeleg av dei same årsakene. Og eg gjentar: Eg nyttar maskinene mykje, men ikkje til anna enn ting som ligg innforbi normale aktivitetar. Dette leiar meg fram til eitt av poenga mine: Windows er sjølve definisjonen på eit dårleg OS, etter fleire mål. Det viktigaste er vel at det ikkje fungerer som eit OS du kan stole på som ein arbeidsreiskap. Upåliteleg, buggete, fullt av sikkerheitshol, og treigt. Ei maskin som truar med å slette dokumenta dine, er ei dårleg maskin. Andre forhold, som og tel (i mi verd, i alle høve), er det logisk/estetiske i brukaropplevinga. Windows er stygt og ulogisk. Maskinvaren er og stygg, og aller styggast er dei dårlege Apple iBook/iMac og PowerBook/PowerMac-kopiane. Einkvar som prøver å argumentere mot akkurat dette, stoler eg ikkje på.
Etter dagens systemkrasj pakka eg vekk HP'en og installerte Virtual PC på PowerBook'en min. Virtual PC med Win98 på går omlag like treigt som den buggete og virusinfiserte HP'en, men det startar alltid, og befinn seg trygt og godt som eit vindauge, ein prosess, på Macen. Fullstendig drag&drop mellom Mac og emulert PC, og eg kan boote opp og ned Windows mykje kjappare enn på ein PC. Dette er ingen fullstendig erstatning, men til mitt bruk funkar det betre enn ein ekte PC. Til dømes er det berre å slette noen filer og kopiere over noen nye dersom maskina skulle bli øydelagt av virus. Dei viktige dokumenta har eg på Mac-formateringa likevel. Nedlasting av musikk frå K
Ironisk: Nedlasting av musikk frå Kazaa på PC funkar best og heilt risikofritt på Mac. Windows er best på Mac.
I dag har jo vi Mac-brukarar OSX, som er UNIX-basert. Og OSX er trygt, kjapt og flott. Kan noen tilrå Linux på den bærbare PC'en min, og gje meg eit hint om koss, kor og kor mykje...? Er Linux eit alternativ i det heile?

... hm ...
Og då eg støvsugde her oppe i første etasje, kom ungane springande opp frå kjellaren med svære auge: "Men ... men ... støvsuger du???"
Frekke ormeyngel...
Frekke ormeyngel...
Teikneseriefan?
Ikkje eg heller. Men eg gjer to unnatak. Det eine er for Pondus, som funkar som eit talerøyr for min generasjon: Brått var eg stor, og AC/DC-t-skjorta var litt for lita over magen.
Det andre unnataket er ein amerikansk serie kalla Bloom County, ein prisvinnande serie teikna av Berkeley Breathed. Satirisk, og morosamt. Sjekk favorittstripene til forfattaren på nettsidene:
http://www.berkeleybreathed.com/
Kjekk lesing, jamvel for dei av oss som avskyr flaue striper som Garfield osv.

2 1/2 veke, og 11 spelejobbar igjen til 2 veker i Sierra Nevada
Aldri vore i Spania før, men eg har ein ide om at billig raudvin og fortausrestaurantar i små fjellandsbyar er bra å ha.
Eg kan absolutt ikkje noe spansk, og viss eg no greier å rote fram eit par turistgloser, nektar eg å bruke dei. Eg er utruleg skeptisk til folk, særleg mellomgalmle, overvektige menn, som kan 10 - 12 ord på spansk. Feite 50-åringar på uterestaurantar, med tjukke gullkjettingar rundt nakken og kroppslukt som esel, har skapa eit inntrykk av Spania som ein slags last resort for norske taxisjåførar med alkoholproblem, stygge ungar og grisebanka koner.
Paradokset oppi alt dette (som altså ikkje dreier seg om fordommar mot Spania men om fordommar mot nordmenn) er at eg er sambuar med ei som er halvt spansk. Eg blir dermed kan hende nøydd til å lære meg desse glosene som dei feite Fr.P-arane auser ut av seg i ølrus. No er eg ikkje 50, og heller ikkje så sinnsjukt feit (sjølv om det rundt midja meir er snakk om ein vaskeball enn eit vaskebrett). Eg stemmer heller ikkje Fr.P, eig ingen gullsmykker, så det å prøve seg fram på ein einsam tapasrestaurant oppi eitt av fjella i sør, markerer meg nok ikkje som ein tax-free-forfylla brylkrem-sjarmør.

St. Thomas og St. Dylan
Noen som kan forklåre meg kva det går i? Eg har faktisk hatt kolleger som meiner, heilt edru og urøykte, at Bob Dylan bør nominerast til nobelprisen i litteratur. Blowin' in the wind, liksom. Høyrde St. Thomas i helga, og hadde forventningar til eit sett med gode låtar framført av låtskrivaren sjølv. Dette er eg redd er nok ein av hovudstads-hypane vi har sett så alt for mange døme på i det siste. Så intenst dårleg var det, at få blant publikum greidde å halde seg heilt alvorlege. Tilgje viss eg krysser ei saklegheitsgrense her. Og det er muleg hovudpersonen rett og slett var full. Uansett var det for dårleg.
Og engelsklæraren til St. Thomas bør levere tilbake vitnemålet sitt.
Greier ikkje heilt å gjere greie for samanlikninga i skrivande stund, anna enn at båe to har, på kvart sitt plan, ein uforståeleg status. St. Thomas' status vil nok ikkje vare, er eg redd. Glad. Verre er det vel med Dylan. Vidare er det vel slik at dei båe har skrive eit par bra låtar (berre lat meg sleppe å høyre dei framført av komponisten). Men gode låtar er det mange som har skrive.
Høyrde i same slengen ein kombikonsert med Karin Park og Robert Post, to ferske talent. Heilt glitrande; gode låtar, bra framført i ei strippa setting med ein kassegitar, litt perkusjon og eit leike-keyboard. Stor kontrast til det ovannemnte.

Å organisere 2
Dette handlar ikkje om ulike operativsystem, men om strukturering av informasjon, så les vidare...
Den komande OSX-oppdateringa gir deg mulegheitene til å stille maskina di, i eit elegant og venleg brukargrensesnitt, følgjande spørsmål: "Kor er Excel-dokumentet mitt frå 1993 eller 1994 som inneheld oversynet over inntekter og utgifter i samband med tekstforfattaroppdraget eg hadde for reklamebyrået X?"
Koss dette vil funke vil jo tida vise. Det oppsiktsvekkande her er ikkje det hippe ved å kunne søke på denne måten. Det eg meiner er eit nokså stort steg i rett retning er det at du med dette organiserer informasjonen på datamaskina di etter eit assosiativt prinsipp, meir likt slik eg som ein person av kjøt (litt vel mykje kjøt, for tida) og blod tenkjer, og ikkje etter eit tiltvunge hierarkisk prinsipp. Vi tenkjer assosiativt, ikkje hierarkisk, og dette bør styre koss vi organiserer og finn fram til informasjon på digitale medier.
Windows-brukarar: Longhorn kjem med det same prinsippet. Om noen år... :-)

Å organisere 1
Finst det noen som kan skryte på seg å organisere nett-tilveret sitt på ein fornuftig måte? Eg snublar stadig over særs interessante nettstader, som eg sjølvsagt bokmerker. Men å bokmerke åleine er ikkje ein gong halve jobben - ofte seier sjølve bokmerketeksten lite om kva sida inneheld, og når bokmerkelista mi etter noen månader rekk ned i kjellaren, gidd eg sjeldan å oppsøke sidene eg bokmerka igjen. I tillegg nyttar eg fleire nettlesarar (ikkje alle nettlesarane er kompatible med alt, dessverre), og dermed er kaoset tredobla.
Dette er særs irriterande i ein fagleg samanheng, der eg verkeleg vil ha nytte av å ha info tilgjengeleg på ein plass, og på ein oversiktleg måte. Det at eg som brukar må kategorisere infoen eg finn etter eit hierarkisk prinsipp, er noe av det som irriterar meg mest ved datamaskinene og måten operativsystema/nettlesarane/programma generelt organiserer info på. Innhaldet eg har på disken min har fulgt meg sidan 1990, ca, frå mitt andre grunnfag. Koss i all verda skal eg organisere dokumenta mine etter eit mappeprinsipp, og samstundes kjapt finne fram til innhaldet i ein faktura eg sendte ut i 1994?
Eg er (denne veka, i alle høve) naiv nok til å tru at Apple lanserer ein nokså ny og heilt annleis måte å organisere digital info på i den neste oppdateringa av OSX...

Velkomen skal eg vere
med ønske om eit rikt liv på nettet. I utgangspunktet er vel dette ein nokså nerdete egotripp; kva er det eg har å melde som er interessant nok for eit publikum. Velvel. Det var vel akkurat det eg gav blaffen i. Sa han kjekt :-/
Eg oppretter denne bloggen for å følgje ein metode for å organisere og bearbeide tankar kring det eg syslar med etter eit essayistisk prinsipp, i håp om å sortere eigne tankar, kome på nye innfall, og kan hende få innspel frå andre. Lenge leve bloggen min!