Skont

Eg er litt usikker på skrivemåten av dette ordet, men det skal uttalast /skon:t/, med ikkje-kontinental "o", slik vi uttalar han her til lands. Ordet "skont" blir berre brukt, såvidt eg kjenner til, i Stavanger-området, sikkert eit jæruttrykk frå gammalt av, og tyder noe i retning av annanrangs, dårleg. Det er eitt av dei orda som på forbløffande vis ber med seg tydinga i lyden, om lag på linje med "snoffla" (snuble), som også er stavangersk. 


Snoffla er mykje meir dekkande enn snuble, av di det høyrest så utruleg klønete ut; det ber med seg ein kløne-estetikk.  Slik er det og med "skont", og eg har adoptert ordet rett inn i mi sognedialekt, noe som er umuleg å gjere med "snoffla". Skonta-tv, til dømes, er kanalar som TV-Noreg: 


- kva gjer du på i kveld?

- ser på skonta-tv


Når du skal male huset finn du fram nokre skontaklede, rotter er skontadyr, og Framstegspartiet er eit skontaparti.


Flott? Eg slår eit slag for ordet skont, det høyrest solid annanrangs ut, og det er ikkje lydleg tvil om kva du meiner når du bruker dette ordet. 


The new man is the old teacher

Mannsidealet er for tida under fleire luper. Mannen har vore gjenstand for diskusjon så lenge no, at den sjølvopptekne delen av feministrørsla, dei som ikkje greier å tenkje lenger fram en til sin eigen oppvaskbenk, burde bli uroa: Det som skulle bli eit fokus på kvinnerettar har blitt eit fokus på mannsrolla. Dermed lever vi framleis i eit slags patriakalsk samfunn; det er mannen alt dreier seg om. Eller: Vi lever i eit dobbeltpatriarkalsk samfunn, der vi framleis har ting å streve med for å oppnå full likestilling, i tillegg til at dei vulgære kvinnerørsla har sytt føre å gjere oss menn så merksame på kva for noen drittsekkar vi er. Mannsrolla er i fokus heile tida, sett frå alle kantar. Dette gir seg komiske utslag, ikkje minst på bekostning av kvinnene. For oss gutar som både skal leve saman med jentene, og i nokre tilfelle (som mitt) skal oppdra jenter, blir det berre vanskeleg.


Hvor skal min hjelp komme fra*, som det heiter i Salmane? Jo, den ideelle mannen for å tekkjast den moderne kvinna finn vi masseprodusert i lærarhøgskulane frå 70-talet og fram til våre dagar. Viss du var ein gut då du byrja på lærarskulen, blei du ein gutoid då du slutta. Garantert. Eit betre uttrykk på desse skapnadene, gutoidane, som vi jo alle har hatt røynsler med i løpet av livet, er PedKjerring (av "pedagogikk" -- retninga som fekk ta overhand, og "kjerring" -- kjønnet hvis tankar fekk dominere innhaldet i pedagogikken og metodikken). Ei PedKjerring er først og fremst eit kjønnsnøytralt uttrykk; PedKjerringa kjem i begge kjønn. Men ho er mest oppsiktsvekkjande som mann, det er den lærarhøgskuleutdanna 30-årige, mannlege PedKjerringa som får deg til å stoppe opp og tenkje over både eitt og hitt.


PedKjerringa har altså trudd på pedagogikken som blir formidla av dei kvinnelege, nyss fråskilde, inkontinente 55 år gamle høgskulelektorane med svære filler, skjeiv pannelugg og keramikkøyredobb i det eine øyret. Denne pedagogikken handla ikkje om fagleg dyktigheit, men om drama og samtalar. Kan du få elevane til å danse namnet sitt**, har du nådd inn til deira inste. Dersom to gutar på  12 fyk i tottane på kvarandre, skal årsakene til problemet snakkast om. 


Greia er: Gutar snakkar ikkje, dei slåst. Når dei ikkje likar noe ein lærar gjer, viser dei fingeren og ber vedkomande dra til helvete. Jo eldre dei blir, jo mindre slåst dei, sjølv om nokre framleis tar ut noe av testosteronet ved å vere store i kjeften. Jenter slåst ikkje, dei snakkar. Når dei ikkje likar noe ein lærar gjer, snakkar dei om dette til andre. Jo eldre dei blir, jo fleire snakkar dei med, grundigare og på meir infamt vis. Ein gut med problem ut-agerer, ei jente inn-agerer. Guten blir eit problem, jenta har eit problem. Og dei skeivklypte skilsmissene med brende bh-ar og keramikk hengande frå øyret forstår ikkje dette: For dei er vi alle jenter.


Men slik er ikkje verda utanfor dramatimen. Og dette kuppet, for det er jo ikke anna enn eit kupp gjort av kvinnelege pedagogar og dramalærarar, produserer nyttige idiotar, PedKjerringa, som vi blir utsett for i heile skulegongen. Kuppet resulterer i at gutane har blitt sosiale og faglege skuletaparar. Gutane på skulen forstår rett og slett ikkje språket. Problemet til Tommy er over i det han drar til Ronny, og Ronny drar til han igjen. Men i staden skal no Tommy og Ronny danse problemstillinga til kvarandre.


Den nye mannen, den som tekkjast kvinna, er altså den gamle læraren, og skal du vere ei ung, progressiv jente, må du leite etter ein syklande fyr med skinnvest og briller, og med eit heilt ubevisst forhold til hår i andletet og kroppslukt. Der har du han som vil snakke med deg og som kan setje opp heile problemet ditt som eit dansestykke.***


* Eg nyttar her ein teknikk eg lærte av min gamle lærar i norrønt og syntaks på Universitetet i Stavanger, Kåre Flokenes: Når det er ei sak eg ikkje kan stå inne for eller meiner, nyttar eg bokmål. Alt som er kronglete og uklårt når det gjeld mitt forhold til det, blir formidla på bokmål. 

** Jo, eg måtte dette medan eg gjekk på ped. sem.

*** Nei, eg er ikkje bitter og skild, eg er lukkeleg og sambuande


september 2005
ma ti on to fr
      1 2 3 4
5
6
7 8 9 10 11
6. september 2005
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30    
             
img