(...)

Er det forresten berre eg som fyller bensin for ein 200-lapp og trur eg sparar pengar på å ikkje fylle for meir?

Intime blondiner

Altså.

Eg parkerer den rustne Volvoen min ved sida av ei bensinpumpe, fyller for 200 kroner, og spring inn for å betale, berre for å bli møtt av ei blondine som ser meg inn i augene, gliser og seier eit kvalmande "Hei! Velkommen!". Eg legg fort frå meg 200-lappen, ser ned og snur meg for å gå og håper at ho har gløymt heile meg. Og då kjenner eg augene hennar bak i skallen min igjen: "Takk! Ha en fin dag!"

Kva er det det går i? Skal alle plutseleg vere begeistra no? Eg er lei av å kjenne meg som ein open boks med Nugatti i ein barnehage kvar gong eg kjøper meg ein tyggis på Shell. Eller rettare: Eg er lei av å tenkje på at dei tilsette har fått streng beskjed om å behandle meg som ein open boks med Nugatti kvar gong eg kjøper meg ein tyggis på Shell.

Kjære Blonde-Berit: Neste gong du ser ein nesten 2 meter høg fyr i ein sølvgrå Volvo i butikken din - slepp deg laus! Stå fram og lat det skine igjennom at du har mensen om tre dagar, katten har gått frå deg og typen er overkøyrt. Frels meg frå nugattikjensla; glefs til meg når eg somlar med å telje opp alle femtiøringane for å betale pølsa og colaflaska, og fortel meg, gjerne med ein kombinasjon av ord og gestikulasjon, kor sinnsjukt irritert du er over at eg ikkje greier å bestemme meg for om eg skal ha rå eller steikt løk på.

Idrett sett frå ein slitar sin ståstad

Det ultimate stresset for meg, det som verkeleg toppar seg og gjer at ting blir seriøst pes, er det som blir kalla "cupvinnarcup." Ordet summerer opp all driten frå gymtimane, alle gongene eg måtte ut igjen på bana når eg endeleg trudde eg var bytt ut for godt, og alle dei fullstendig meiningslause springerundane i bana rundt ei fotballbane.

For: Tenk deg når du hadde stressa som ein galning for å vinne ein cup. Du gjekk runde på runde, og endeleg såg du lyset i enden av tunnellen, med halvanna liter Cola og pizza, langt vekk frå drittsekkar av fotballtrenarar og sur gymlukt og alle dei ekle fotball-kompisane dine. Kva skjedde då?

Jo, då skulle alle cupvinnarane samlast for å spele mot kvarandre. Ein cup for cupvinnarar - finst det eit større paradoks, og ein meir deprimerande tanke? Kva er då vitsen med å vinne ein cup, å slite seg igjennom kamp etter kamp etter kamp, viss alt du har i vente er ein ny cup? Her snakkar vi om eit invertert atletisk reinkarnasjonshelvete, der du etter å ha slete deg igjennom ein cup og trur du fortener kvile, blir fødd inn i ein ny cup.

Død over 80-talet

Er det noen 80-tals-sentimentalistar her? Det er jo så in no, å sentimentalisere over perioden 1980 - 1990. Eg for min del greier ikkje tanken på den perioden, så eg meldte meg ut av sjølve 80-talet ein plass i 81. Når eg var viss på at det verste hadde lagt seg, om lag i 1992-93, kunne eg puste ut. Og i mellomtida hadde det skjedd mykje. Eg veit ikkje om å melde seg ut var det klokaste å gjere, men prøv sjølv å vere 12 i 1979, akkurat stor nok til at du skjøner at eit helvete er i ferd med å bryte laus; du sensar at du står midt i ein kulturell implosjon.

Kierkegaard har sagt at livet må levast framlengs, men kan berre forståast baklengs. Eg forsto ikkje 80-talet eingong baklengs. No er det jo ikkje slik at eg ikkje forsto noe som helst. Men ti år, ti av det som skulle ha vore dei beste åra av livet mitt, tenåra, gymnastid, universitet, damer fest og sutalaus lukke, var erklært ugyldige. Og då kan kven som helst bli forvirra.

No ser eg jo at eg hadde rett: Folk var idiotar på 80-talet. Ting var idiotiske då, alt frå yrker til musikk og motar, meiningar, haldningar, bilar, kyr. Det meste. Hadde eg berre visst det då, hadde eg kunne ha vore ein profet. Men eg var sikkert for dum. Prestane gjekk med cowboy-boots under kjolen. Gutane hadde strikkagensrar i jentefargar, som dei stappa ned i dongeribuksene. Jenter var jenter, og det var faen meg gutane og. Se på bilane frå 80-talet: Ei anti-oppvising, ei nedvising i estetikk. Det som blei bygd, blei bygd i papp og gips. Heime reiv dei noen av dei flottaste murbygningane i landet, svære flotte slott, berre for å ønske åttitalet og papphusa velkomen. Og ei jente kunne heite Sinitta og overleve eit par år i musikkbransjen. Hadde det vore på 90-talet, hadde ho blitt internert i ein omsorgsbolig, og gitt utviklingsmulegheiter i offentleg støtta ordingar, og fått seg ein gitar med fargekodar på gripebrettet og gratis taxikort. Den helvetes perverse distansen til alt med puls og temperatur på 80-talet gjorde det muleg for slike å bli pusha fram for åsynet vårt, utan tanke for kva vi gjorde med dei og oss sjølve. Eg trur at grunnlaget for anoreksi og bulimi, to 80-tals-ting, blei lagt i sjølve biletet av Sinitta, og kan hende også bygningane, bilane, prestane; det einaste naturlege spørsmålet var: Skal eg spy eller svelte? Og der har du det. Eg hugsar at eg gjekk inn i Vestlandsbanken for å ta ut ein 50-lapp, og kom ut igjen med 70 000 kroner i lån. Kunne faen ikkje kome der utan å låne pengar. Og viss du, kjære åttitals-Sinitta les dette skal du vite at dette ikkje er din feil, for noen har jo tillete at dette kunne skje. Og det har eg vanskeleg for å tilgi. Eg tilgir deg, kjære Sinitta, du berre smilte og gjorde det, men ikkje dei andre. Eg meiner eg var utan skuld, for eg var berre 12 i 1980. Men noen bør svi for dette. Arkitektane bak 80-talet skal leitast opp og skambankast.

Den som entra scena på 80-talet og som eg har stor respekt for, kan hende er ho den einaste som lærte oss noe på 80-talet, er Jannicke. På 80-talet, då ingenting skulle vere politisk korrekt eller moraliserande, tok ho sjefstolen i tv og radio med pønkeimage og ein morallåt om røyking og faenskap, og mana folk til å vere seg sjølve. Jævlig bra. Folk gjekk i pastelluniformane sine og sang at det er bra å ha sin egen stil. Så overbevisande, vi var aldri i tvil om at ho for alltid kom til å gå i svart skinn og nagler og slenge drit til alle som fyrte seg opp ein røyk. Jannicke var den direkte årsaka til at eg nesten blei banka opp av pønkarar i Oslo under Norway Cup, sidan eg hadde, på direkte oppfordring frå Jannicke, kledd meg i lær og nagler, min eigen stil. Men det stoppa ikkje der. På 90-talet, då alt hadde gått til helvete og det var kult å bli katolikk, hadde ho jamnleg kontakt med skapningar frå andre delar av verdsrommet, ikkje akkurat katolsk, og skreiv bøker og slikt for dei. Ingen nagler, men intim omgang med små, grøne menn, og framleis heilt sjef. Og no, etter år 2000, når alle trendar har vore milennium-relaterte, apokalyptiske og evige, har ho blitt pop-bimbo og lagar berre songar om puling og pesing. Ho er ein sann revolusjonær, og Jannicke vil bli skriven inn i historia til landet vårt saman med Brundtland, Amundsen & Nansen, Lønn-Arnesen, Heyerdahl og Gerhardsen. Vi må berre få det litt meir på avstand. Og sannsynlegvis blir då Brundtland stroken frå denne lista. Vi får se. Arkeologane og historikarane i år 4000 får se.

Hadde Jesus kome attende for å døme levande og daude i dag, trur eg han hadde tatt seg eit par dagar med Jannicke først. Ho hadde vore ein kanon førstekonsulent for evigheita.

Løpsvillige fotballspelarar

Er det noen som kan forklåre meg kva det går i? Kvar gong eg ser på ein fotballkamp, og det er ikkje ofte, blir begrepet "løpsvillig" nemnt. Kommentatoren kommenterer til dømes slik: "Som vi vet er jo Riise en løpsvillig spiller."

Herregud. Sjølvsagt er han jo det! Viss ikkje Riise hadde vore villig til å springe, hadde han vel ikkje spelt fotball? Litt av greia med fotball er jo å springe rundt på ei nokså stor bane, for ballen er jo sjeldan i ro. Og det er langt frå mål til mål. Såpass veit eg. Og ein som skal byrje å spele på Rosenborg eller Viking må jo også vite det?

Eg spelte fotball på eit puttelag for mange år sidan, og eg var ikkje løpsvillig i det heile. Det er ein av grunnane til at eg ikkje speler fotball lenger. Men det er vel noe heilt anna?

Er det forresten ein fotballspelar som heiter Riise?

Er det noen pedagogar her?

Eg har deltatt i ein diskusjon mellom gode vener om det å rette stilar. Koss skal ein eigentleg rette ein stil på rettferdig vis? Er det ikkje tilnærma umuleg å setje ein rettferdig karakter?

Nei, meiner ein av mine gode vener, og argumenterer på denne måten for ein ny metode for retting av stilar:

(sitat byrjar)
Prøvde terning, ble hakket for tilfeldig. Prøvde tell-sidene-gjett-på-karakter, funka ikke. Fant til slutt finger-i-været-metoden:
1) Les oppgaven.
2) Strekk en fing i været når eleven kommer med et moment som er bra, og gjerne overrasker deg litt.
3) Ta ned en fing når eleven driter på draget.
4) Tell fingre ved slutten av oppgaven.
5) Sett karakter etter en normal-finger-i-været-kurve.

Skriv en kommentar som :
-Dette kunne du ha jobbet mer med.
- litt kort. La være å levere på matpapir.
-Noen språklige feil, ellers bra.
-Denne oppgaven har jeg også sett på Internett. Prøv igjen. Bruk en annen søkemotor.
- Bra Ronni. Har du en eldre søster.
- Flott Cato,godt gjenfortalt, men The Beatles er ikke en skrekkfilm om biller.
(sitat slutt)

Er ikkje dette flott?

Plagsomme fenomen relatert til musikk 3: Musikkjournalistane igjen

Så gjer dei det igjen.

Etter å ha tatt fråstand frå populærmusikk frå vestkysten i USA i ei årrekke, kuvender no altså den popmusikalske andselita i hovudstaden, jf debatten som har gått i mediene i sommar. Vestkystmusikk er no godkjent. Det er også godkjent å vere flink på instrumentet sitt, og vere musikalsk. Dårlege nyheiter for nokre, gode for andre. Det er jo ikkje så lenge sidan St. Thomas (som nemnt elsewhere) blei genierklært av dei same folka. Men han kan verken spele eller synge, så no er vel han ut.

Hadde eg ein augneblink tatt musikkjournalismen her til lands på alvor, hadde eg blitt forvirra no. Men eg har aldri tatt dei på alvor, så eg er ikkje forvirra. Eg tar derimot lattermildt helg. Må heim å sjekke om det er liv i hunden, og høyre kva ho meiner om saka. Sidan ho no har lært seg å pisse ute når eg seier "gå på do", kan eg kan hende få ho til å gulpe når eg seier "Tom Skjeklesæter"?

7%

sto det under kartet. Altså at eg hadde vore i 7% av verda. Det sto akkurat det same under det førre kartet, før eg hadde vore i Spania. Dermed veit vi at Spania ikkje utgjer fullt ein prosent av verda. Det skuffar nok spanjolane.

Men, uansett, 7% av heile verda. Ikkje så verst det, i grunn. Får ta prosent for prosent.

Her har eg då vore, no sist altså i Spania:

img

create your own visited country map
or write about it on the open travel guide

september 2005
ma ti on to fr
      1 2 3 4
5
6
7 8 9 10 11
6. september 2005
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30    
             
img