Ei språksosiologisk forklåring på kvifor Tyskland kriga mot Frankrike, England og Russland 1939 - 45
Teorien eg her legg fram er vel ein såkalla IKEA-teori; ein flott og lovande, og billeg, teori som passar alt og alle, men som, når du får han innomhus, er nokså laus i hengslene og alltid manglar ein del (jf. Nina Wakeford, via Anders Fagerjords blogg "Surftrail"):
Ei gammal røvarhistorie, gjenoppfriska av ein kollega, fortel om då tyskarane under den første verdskrigen ropte "Gott mit uns!" over til skyttargravene på hi sida, og fekk til svar "Oh, yes! We've got mittens too!". Denne historia har eg aldri trudd på, men no er eg ikkje så sikker lenger.
Tysk, fransk og engelsk er som språk nokså nærskylde, og å omsetje mellom desse språka burde vere ei smal sak. Derfor tok eg ei nokså grei frase til den digitale omsetjingstenesta Babelfish for å se om hurtig kommunikasjon mellom to språk kunne vere meir problematisk enn det kan sjå ut til ved første augekast. I ein konfliktsituasjon, til dømes ein reinspikka, god, gamal og blodig krig mellom nasjonar, der stressnivået er høgt og kommunikasjonen er anstrengt, er det lett å se føre seg at små, tilsynelatande ubetydelege glippar i omsetjinga kan få storpolitiske følgjer. Om lag som kviskreleiken, berre at du utvidar sirkelen litt.
Eg tasta altså inn i omsetjingsprogrammet Babelfish følgjande frase:
"The brown fox jumps over the lazy dog"
Eg omsette vidare frasa til fransk. Resultatet blei følgjande:
"Le renard brun saute par-dessus le chien paresseux."
Vel. Ein kan sikkert seie eitt og anna om denne omsetjinga. Men det interessante skjedde då eg tok denne franske versjonen, og byrja å omsetje mellom fransk og tysk i 7 sekvensar; se føre deg ein stressa krisesituasjon mellom to land, der kommunikasjonsmulegheitne er begrensa. Here goes:
1. Der braune Fuchs springt über dem faulen Hund- omsett til fransk:
2. Le renard brun saute sur le chien putréfié - omsett tilbake til tysk:
3. Der braune Fuchs springt auf den verfaulten Hund - omsett til fransk igjen, osv.:
4. Le renard brun saute sur le chien verfaulten
5. Der braune Fuchs springt auf den Hund verfaulten
6. Le renard brun saute verfaulten sur le chien
7. Der braune Fuchs springt verfaulten auf den Hund
og endeleg tilbake til engelsk:
8. The brown fox jumps putrefied on the dog
Putrefied on the dog? Gløym no ein augneblink at dette er ei meiningslaus frase, og se føre deg at dette er ein hissig krangel om landegrenser. Katastrofalt. "Sa De Putrefied, Churchill? Jeg skal gi Dem Putrefied, skal jeg!"
Hugs at Tyskland, Frankrike og England er land som står kvarandre nær, i alle høve språkleg, men også geografisk. Kva skjer då viss vi koblar inn Russland, som jo også blei kobla inn under den andre verdskrigen? Eg omsette den siste frasa, nummer 8, til russisk, og så tilbake til engelsk, og fekk dette resultatet:
"Brown fox skips after it it is rotted on the dog."
Heile situasjonen er altså heilt ute av kontroll, og det er nokså nærliggjande å slutte at denne språklege forvirringa kan ha forverra heile verdskrigen. Her kan alt skje: Sett at også Italia blandar seg inn, og vi omset denne frasa til italiensk og tilbake til engelsk. Resultatet blir:
"The vixen brown jumps after that it decomposes itself on the dog."
Kven har sagt noe som helst om ei revetispe, alternativt ei brunleg hissig dame, og kvifor vil ho dekompostere seg sjølv oppå ein hund? Går det i det heile an å dekompostere seg sjølv? Kan brune damer gjere slikt heilt utan vidare?
Eg har i alle høve funne ut at det ikkje er det minste rart at det er krig i verda.

Mopping i skulen
er eit alvorleg problem som bør bekjempast på alle frontar. Ikkje mopp kameraten min:
http://aftenbladet.no/nyheter/lokalt/article.jhtml?articleID=213612

Wenche Foss for President
Som mange har sagt det, mellom anna Ted Nelson (sitert lenger nede i bloggen), er folk flest idiotar. Og som mange andre igjen har sagt det lever vi i ei tid der det er vanskeleg å eigentleg skjøne om vi har eit demokratisk styresett eller ikkje. Mange løysingar er prøvd opp igjennom historia: Eineveldige kongar og diktatorar, ulike former for demokrati, kommunisme, føydalisme, med meir. Og frå tid til anna diskuterer vi også no til dags demokratiet vårt, som vi er så stolte av, og om det eigentleg funkar slik det skal.
Men det gjer det ikkje. Valoppslutninga er låg, folk har like lita tiltru til politikarar som til taxisjåførar, og folk flest skjøner ikkje skilnaden mellom Se og Hør. Ikkje bryr dei seg heller.
Ei løysing har i mellomtida aldri blitt diskutert. Løysinga eg tenkjer på har likevel blitt grundig prøvd ut i avgrensa område, på ein eksperimentell arena, og med suksess. Så å seie rett framfor nasene våre. Og eg kan ikkje sterkt nok understreke kor stor tru eg har på denne løysinga, som ein arvtakar etter det sletne demokratiet vårt, og som ei naturleg utvikling, ein evolusjon, fram mot eit reindyrka, direkte og rettvist demokrati, sjølv for dei av oss med veldig tettsitjande auge.
Eg tenkjer sjølvsagt på eit utstemmingsprinsipp etter Farmen-, Big Brother- og andre realitymodellar. Det er eit så enkelt prinsipp at sjølv dei største idiotane blant oss skjøner det. Koss kan eg seie det? Jo, for dei største idiotane blant oss ser på nettopp Farmen, Big Brother og andre realityseriar. Og dei skjøner det. Modellen er vidare så enkel at ein kvar idiot greier å stemme - eg veit det av di ein kvar idiot stemmer på personane i realityseriane. Og, endeleg, kan hende det viktigaste: Ein kvar tosk rundt om kring blir engasjert av dette, og vil garantert kome til å stemme.
Vi har dermed sikra oss eit vitalt og levande demokrati, med engasjerte velgarar. Vi slepp keisame offentlege rundskriv og pressemeldingar, for det er eit mål at alle oppgåvene til deltakarane, altså politikarane, skal presenterast rundt peisbålet om kvelden, kvar fredag. Kvar politikar får 5 minutt, og kan utfordre etter tur til holmgang, kven dei vil. Holmgangen kan jo diskuterast. I Farmen kastar dei mjølkespann og slikt, men eg har meir tru på ein kamp der politikarane kan skade kvarandre. Bitekonkurransar, til dømes. Eller springskalle, med 10 meters tilløp. Alliansar blir inngått etter behov kvar veke, og ingen får røyke, drikke eller hore viss dei ikkje gjer vekeoppgåvene sine på ein slik måte at mentor godkjenner dei. Og ein ny mentor, ein slags president, blir stemt inn kvar månad, for variasjonen. Førstemann ut kan til dømes vere Anne Mona, eller Ari Bein. Kan hende Martha Louise? Wenche Foss? Snakk om folkestyre!
På internett kan du lese profilar av kvar politiker, og du kan følgje dei 24 timar i døgeret via kameraa i alle romma deira. Koss er det når Carl I. Hagen tørkar seg på do, til dømes. Slikt lurer jo folk på. Koss pussar Kjell Magne tenna, ser Valgerd seg i spegelen i det heile? Alt dette er viktige opplysingar som velgarane skal bruke til å danne seg eit inntrykk av politikarane og politikken deira. Dette er mykje grundigare og meir rettvist enn dei slurvete 2-minuttsdebattane på TV2.
Altså: Heile politikarar, heile døgeret! Ikkje stol på ein politikar før du har sett han naken i dusjen, eller ein tidleg morgon, i småstressa lutrygga gange mot klesskåpet i ein freistnad på å skjule morgonbrødet sitt. Ein politikar består ikkje berre av meiningar, men også av ein kropp, matvanar, song i dusjen, kløing i skrittet og sovestillingar. Og alt dette høyrer til politikarembetet, og vi fortener å få vite om slikt.

Gjer Oslo valfritt
Som dei fleste veit er det på tale med ei prøveordning i nokre osloskular, der elevar får velge vekk sidemålsstilen. For dei aller fleste i Oslo dreier det seg om å velge vekk nynorsk, sidan dei færraste der til lands (!) vel å skrive nynorsk som hovudmål. Eg er heilt samd i denne valfridomen, og har argumentert i ei anna spalte i denne bloggen for å innføre polsk i staden for norsk, rett og slett av di vi sparar pengar på å kvitte oss med dyre norsklærarar og innføre polakkar i morsmålsopplæringa. (Vekk med minus og deling og - mykje pengar å spare på å skrenke inn til to rekneartar).
Men: Eit godt innspel i valfridomsdebatten synest eg kom frå Terje Torkildsen, spaltist i Stavanger Aftenblad. Sidan nynorsken skal gjerast valfri for oslofolk, bør Oslo gjerast valfri for nynorskfolk. På den same måten som nynorsken er ei stygg vorte for elevar i Oslo, er Oslo eit stygg vorte for oss nynorskarar. Eg vil gjerne kunne krysse av i eit skjema om eg vil vedkjenne meg tilhøyrigheit til Oslo eller ikkje. Og eg vil gjerne då altså ikkje vedkjenne meg tilhøyrigheit til Oslo. Til dømes Bergen skal bli min hovudstad, og kongen gjeld ikkje for meg, viss ikkje han flyttar til Bergen. Og viss ikkje kongen flyttar til Bergen, vel eg meg ein annan konge, som skal få halde nyttårstale for meg. Kven som kan bli konge i Bergen veit eg ikkje heilt enno, men kan hende kan Sissel Kyrkjebø bli dronning? No som ho er skilt frå Eddie Skoller, vil ikkje dette få storpolitiske konsekvensar med røter tilbake til unionen.
Andre mulegheiter opnar seg også. Regjeringa vår held til i Oslo, og eg har aldri vore med på å stemme fram den blåkristelege regjeringa vi har i dag. Derfor ser eg føre meg at vi kan ha to regjeringer og, der den andre held til i Bergen, viss det blir den andre hovudstaden. (Kan hende vi heller kan opprette to nye byar, Protagonoslo og Antagonoslo, der vi trekk lodd om kor dei skal liggje, som to motsette hovudstader? Så kan vi kan hende kvar veke stemme inn og ut embetsfolk alt etter som dei drit seg ut eller ikkje på TV?)
Uansett: Lat oss få igang ei folkerørsle for eit valfritt Oslo. Lat oss kunne velge mellom Oslo og ein annan plass når vi skal møte regjering og konge. Og lat oss få to NRK-kanalar til, NRK 3 og 4, som er ein utanfor-Oslo-variant av NRK 1 og 2. Lat oss også få Dagbladet og VG for resten av landet, der vi slepp nyheiter som berre oslofolk er interessert i, som til dømes kven som er Åsne Seierstads nye kjærast og kor mykje hår Skavland mistar. Berre Oslo-avisene treng skrive om dårlege austlandsfilmar og -musikk, og vi her kan kose oss med det som blir laga utanfor Oslo.
Kan hende vi også kan lage ein Olso-variant av Bibelen (Olso = Oslo baklengs), der vi føyer til eitt og anna i Fader vår om å frelse oss frå det vonde, herunder Ari Bein, Norsk Film, Wenche Foss, Postgirobygget, Trang Fødsel og all anna DH-rock, Liv Ullmann og Ole Paus?

Beware of Short People 4
Bevisa berre ramlar inn:
http://aftenbladet.no/nyheter/lokalt/article.jhtml?articleID=212074
Kortvokste er ei fare for blondinene på Shell-stasjonen også.

Matrise over farlege menn...

Her kan vi då så langt konkludere med følgjande (for dei som ikkje har fulgt med, les posten "Beware of Short People" under):
Små, farlege menn har ofte hår i andletet, og er lite flotte å sjå til. I tillegg har dei farlegaste påfallande ofte dress på seg, og har ein tendens til å interessere seg for andre land. Kjenner du ein liten, stygg mann, med bart, dress og reiselyst, bør du altså vere på vakt.
(orsak den dårlege biletkvaliteten, lover å bli betre)
Beware of Short People 3
Mao var også liten, var han ikkje? Liten og tjukk. Eg prøver berre å samle prov for påstandane lenger nede i teksten. Skal prøve å setje opp ei matrise med ulike parameter som kan hjelpe til å avdekkje koss dei små trengjer seg inn overalt i farlege posisjonar.
Kor høg er eigentleg Bush?
Kor høg er eigentleg Bush?
Tankar om lesing på digitale medier 4: Det ligg lesaropplevingar i ein teknisk svikt. The beauty of a page not found
Freistnadene i å prøve å navigere seg tilbake til eit element, og oppdage at noden er nede av ein eller annan grunn, eller å nesten kome fram til noe og bli stoppa grunna tekniske årsaker ("page not found"), er ei estetisk oppleving, eit litterært verkemiddel, og noe som vi kjem til å rekne med. Viss dei elektroniske nettverka er rhizomer, ligg det til leseprosessen at vi av og til ikkje kjem fram, og dette blir ein del av det å lese i slike nettverk. Vi opplever det digitale på ein annan måte enn det analoge. (Jf Baudrillard: Kor er eigentleg teksten? Viss du opnar maskina ser du han ingen stader). Dette er eit heilt anna, fundamentalt sett, syn på kor teksten finst, og kva teksten er, utan dermed å gå i den fella å kalle teksten virtuell.
Tankar om lesing av digitale tekstar 3: Lesaren er sjølve teksten
Svulstig, og dette har sjølvsagt Barthes alt sagt: The reader is The Text. Her meiner eg blant mykje anna å argumentere mot forfatta hypertekstlenker som har til hensikt å lage ein veg, eller eit sett vegar for lesaren. Dette er berre eit døme på at mediet er nytt, og at vi overfører gamle tankar inn i det nye. Lesaren møter teksten med sine haldningar, motiv og mål, og lagar derfor sin tekst. I større grad enn før formar lesaren teksten etter kva bakgrunn og evner han har, interesser, mål med lesinga, utstyr, tid, situasjon (studier, jobb, privat), osv. På eit einskild startpunkt (som kan vere nær sagt kor som helst i nettverket) kan du ha fleire val ut, og vala ut er av ulik art: lyd, bilde, lenker i teksten, reklame, leksikonoppslag, osv. Barthes opererte med omgrepa The Work og The Text. The Work er sjølve boka, verket, det du kan ta og kjenne på, eller se som det innbundne, avslutta arbeidet som du skal lese frå. The Text er lesinga av teksten, og i lesinga av teksten knyt du an til mykje meir enn det teksten konkret fortel deg. Du knyt an til ei stor verd av erfaringar, anna litteratur, osv: "The Text is read without the father's signature." Begrepet The Work gir begrensa meining i det nye landskapet; det er eit begrep som er laga i ei papirverd, og The Work kan derfor ikkje definerast nøyaktig slik Barthes gjorde det.
Tankar om lesing av digitale tekstar 2: Ein tekst på WWW blir ofte skriven som om han skal publiserast på papir
men blir sjeldan lesen som om han er publisert på papir.
Datamaskina, med mykje av programvaren vi kjenner i dag, er konstruert innanfor rammene av papirsamfunnet.
Noe av det som har prega utviklinga til den personlege datamaskina, altså slik vi som kvardagsbrukarar møter ho, er den utstrakte metaforbruken. Dette gjeld sjølvsagt den vanlege skrivebordsmetaforen for å organisere og kome til informasjonen som vi måtte ha på datamaskina. Men det gjeld også dokumenta vi produserer når vi skriv tekstar. Tekstane vi produserer på datamaskina blir framleis laga i verkty som oppsto før noen hadde ide om konsekvensane av å knyte alle datamaskinene opp i digitale nettverk, og dermed knyte dokumenta saman digitalt. Derfor var eit dokument produsert på ein PC meint å skrivast ut. Dette ser vi på måten ein tekstbehandlar er bygd opp: Papirmetaforen blir brukt for å gje oss eit bilde av koss dokumentet vil bli når det blir skrive ut. Dette kan vere i ferd med å endre seg, av di mange av tekstane som blir skrivne i denne papirsimulatoren, som til dømes MS Word er, aldri når skrivaren, men berre blir distribuert digitalt. (Mykje av det som blir kalla social software er eit teikn på at tekstar blir skrivne i andre format som er meir tenlege for mediet). Etterkvart vil det då bli naturleg å gløyme papirmetaforen - kva skal vi med den? - og publisere tekstane i format meir tilpassa dei nye media. Dette publiseringsformatet krev andre omsyn enn papirstorleikar (som A4), sidenummerering (kva skal ein med det på nettet?), osv.
Eg meiner vi ser spor av dette alt i dag, ikkje minst i måten vi ofte les på. Lesinga blir av noen kalla meir fragmentarisk og flyktig, der ein hoppar mellom dokument (tekst, lyd, bilder, animasjonar) for å kome til informasjonen ein er på jakt etter. Poenget er: Ofte les vi ikkje teksten slik han var meint å lesast, rett og slett av di mediet gjev oss mulegheiten til å gå ut av teksten vi er i til fordel for noe mykje meir interessant i eit anna dokument. Å kalle dette fragmentarisk og flyktig meiner eg er feil. Fragmentarisk er det berre i relasjon til ein klassisk papirtekst; viss du har ei bunke med 100 tekstar foran deg, og berre les eit avsnitt her og der i tekstane, skjøner eg at det kan kallast fragmentarisk. På WWW gir lenker inn og ut av teksten deg inn- og utgangar i ein heilt annan type nettverk av tekstar enn det vi er vant med i papirsamfunnet (jf. Barthes' og andre postrukturalistars tankar om nettverk). Dette er ikkje fragmentarisk, det er strukturert, men på ein annan måte enn før. Word-dokumentet eg laga ein PDF av, og som er skriven med ei innleiing, hovuddel og avslutning (av respekt for, og tilpassa krava til papirsamfunnet), blir forlete midtveges, av di ein annan link gjev lesaren ei meir interessant retning. Ein lesar kjem inn tankerekka mi midtveges, av di det ligg ein peikar inn ein annan plass. Dokumentet mitt eksisterer framleis som eit heilt dokument, skriven for papir, men lest på skjerm. Dette endrar sjølve vesenet i teksten min.
Lesemønstra endrar seg, trass i at publiseringsmetodane heng igjen. Interessant er det då å følgje koss andre måtar å publisere på nettet etterkvart blir meir og meir vanleg, og koss dette påverkar leseverda (jf Jill Walker, o.a.).

Tankar om lesing av digitale tekstar 1: Kommunikasjon ved hjelp av ei datamaskin vil aldri vere virtuell
Det er derfor meiningslaust å snakke om virtuelle tekstar. Kommunikasjonen ved hjelp av ei datamaskin har andre referanser, andre rammer, enn munnleg og skriftleg kommunikasjon elles. Innan desse rammene er det tale om ein kommunikasjon med sine vesenskjenneteikn, noen like, andre ulike andre typar kommunikasjon. Derfor er slike tekstar aldri virtuelle. Uansett om du i ein kommunikasjonssituasjon nytter mediet til å imitere andre personar, vere i konstruerte settingar (til dømes innan rammene av eit spel), er ikkje det snakk om virtuell kommunikasjon. Kommunikasjonen er reell nok, men følgjer andre reglar og rettar seg etter andre sjangerkrav. Baudrillard vil kalle slike tekstar virtuelle; viss du opnar boksen under skjermen der teksten ligg lagra, vil du ikkje finne noe som liknar ein tekst, berre binære talkodar. Men gjer dette teksten virtuell? Kva skal i så fall til for at teksten ikkje er virtuell - eit papir? Kva ventar du då å finne om du opnar strupa til ein som nettopp har snakka til deg?
The World According to T9
Ordboka på mobiltelefonen min prøver å endre koss eg er tilstades i verda. Dette gjer ho førebels på ein mild måte, utan heilt å ta over, men det skjer ved at ho føreslår radikalt andre omgrep enn det eg meiner.
"Edru" kjem opp som første alternativ når eg tastar "fest". Her ligg det mange potensielle mistydingar. "Øl" kjem opp som det første alternativet når eg tastar "ok". Dette er ikkje bra. Eg kan til dømes får ein SMS frå sambuaren min ein kveld eg er ute med kompisane, der ho spør om eg skal på byen, eller om eg kjem heim. Viss eg då, litt irritert over maset, svarar med "edru, ok!", risikerer eg at det kjem fram som "fest, øl!"
Sony Ericsson kan potensielt skade heile forholdet eg lever i, og sende meg ut i naud og elendigheit, ubetalte rekningar og undertøy med bremsespor. Snakke meg om rettssak.

Beware of Short People 2
Dette støttar vel berre opp om det eg før har nemnt:
http://www.forskning.no/Artikler/2004/september/1094212669.0

(...)
Og med følgjande sitat av Ted Nelson, passar det å ta helg:
"most people are fools, most authority is malignant, God does not exist, and everything is wrong."

Beware of Short People
Kan ein eigentleg stole på små folk? Mussolini var liten, Hitler var liten, Franco også. Napoleon og Idi Amin var små. Lenin. Og Jan Simonsen. Mykje talar for at det er noe med små folk. Erik Bye er stor, så han trur eg det går an å stole på. Gro Harlem Brundtland er eg litt usikker på, men ho er jo kvinne, i alle høve hevdar ho det sjølv, så andre reglar gjeld kan hende her. Bondevik er i ein litt ekkel midtposisjon, umuleg å angripe, men likevel med eitt eller anna skummelt ved seg. Far min var stor, og rektor på barneskulen min var liten, så her gjeld regelen. Små menn er faktisk litt creepy. Tysklærarar var alltid små, engelsklærarar store. Mini-Jacobsen har ikkje ethos i mine auge, og eg får alltid ei bestemt og litt trist sirkusdverg-kjensle av å sjå han på TV. Du les ikkje Dvergen av Pär Lagerkvist utan å se føre deg Mini-Jacobsen heile tida. Thorstvedt, derimot, verkar truverdig.
Eit helt anna spørsmål er jo kor innslagspunktet skal gå. Er det ved 1.65 tilliten til folk bør gå ned, kan hende med ei overgangssone +/- 3 cm? Eg trur det er noe her, men det krev litt grunning til.

fy søren
Eg kjenner ein del folk som ikkje bannar. Det vil altså seie at dei held seg vekke frå ord som vi i vår kultur, i vårt land, ser på som bannskap. Slike ord kan vere fa(e)n, helvtete, satan, og liknande. Det hender at eg sjølv bannar, og eg tar ikkje alltid omsyn til om det er folk rundt meg som ikkje bannar. Det synest ikkje eg at vi som bannar skal gjere. Kvifor skal vi det? Eg aksepterer at dei ikkje bannar, då får dei akseptere at eg gjer det. Dette er eit viktig prinsipp. Eg kan derimot ta omsyn til situasjonen, men det er noe heilt anna. Å vere var overfor situasjonar, altså å vere kontekstmedvitne, er ei greie her:
Diskusjonen dreier seg ofte om banning som ei forflating av språket. Argumenta mot å banne går altså på at banning er eit teikn på dårleg språk, sidan du ikkje greier å finne andre ord til erstatning for bannorda. Slike argument høyrer eg frå folk eg gjerne har sett på som oppegåande, og nokre av dei er ikkje ein gong kristelege.
Eg vil faktisk hevde det motsette: Banning kan gjere språket rikare, og dei som let vere å nytte banneord, utelukkar nyansar i språket som kan vere viktige, og vakre. Reint kvantitativt er saka klår. Slår du deg på tommelen med ein hammar og har eit responsrepertoir som består av "søren, helsike og dumme driten", er du språkleg deprivert andsynes ein som kan leggje til "satan, faen, helvete". 2 + 2 er framleis 4, som oftast i alle høve. Men eg synest bannord kan heve språket også kvailtativt. Gode, kreative bannord og rett plasserte vulgaritetar kan vere øyresnop. Å oververe ein drittsekk få i det glatte lag, er godt å høyre på. Å få høve til sjølv å kalle ein satan for nettopp ein satan, er i tillegg godt for resten av kroppen. Likeeins: Å late annakvart ord vere ein vulgaritet eller eit bannord er kvalmande, og tar frå deg dei herlege overraskingane du kan leggje inn når det verkeleg gjeld.
Eg gidd ikkje nemne at det ikkje handlar om banning på føkkings-sjitt-nivået. Er du ein såperein kristen-Kåre som irriterer deg no, så lat vere. At Tjetsjenske opprørarar held ein heil skule som gislar er jævlig, ikkje dumt, samme kva du måtte ha å seie. Berre spør Jesus, eg er heilt viss på at han klør seg på skorpene og nikkar eit sletent "aokei, då".
Så derfor: Slå eit slag for bannskap. Lat no endeleg pietismen, som framleis rir dei gamle, støle øka sine her til lands (og særs her som eg bur, på det mørke fastland), døy, og bli glade, snille, gode og vulgære bannarar. Lat vere å stole på folk som ikkje bannar, for dei er sannsynlegvis berre ute etter å arve himmelriket. Og slike arveoppgjer veit vi jo fører sjeldan godt med seg.