2y = 1g

Kor mange Groer går det på ein Yngve? Vel, Gro var jo ein yndling i si tid, utvilsamt særs dyktig. Og ho blei ei dame som fekk mykje å seie for heile Noreg, på godt og vondt, og sidan har ho blitt, eller prøvd å bli, ei internasjonal røyst. Likevel er det noe med den store skilnaden som ein etterkvart kan se mellom ulike partar i arbeidarrørsla. Går dette skiljet mellom akademikarane og ikkje-akademikarane, dei innfødde i ei arbeidarklasse og dei innfødde i eit parti? Eit slikt skilje, der akademikarane har hatt ein tendens til å dra til høgre, er, viss det er slik, trist for heile rørsla, og heile idéen om eit arbeidarparti. No om dagane går det ein diskusjon om tilhøvet mellom Gro Harlem Brundtland og Yngve Hågensen, der sistnemnte i biografien sin mellom mykje anna påstår at han er offer for ryktemakeri, og at motstandarane hans har nytta upolitiske verkemiddel mot han, mellom anna i kampen om posisjonen som LO-leiar. Kva om ein viktig grunn til desse konfliktane er skiljet mellom akademikarar og ikkje-akademikarar i arbeidarrørsla? Legestudenten Gro, statsrådsdotter frå Frogner, mot den foreldrelause Yngve frå barneheimen?

Sett vekk frå at dette er eit klassisk motiv (eller kan hende nettopp på grunn av det?) er det noe med ideala, grunnlaget for arbeidarrørsla som plagar meg ved tanken på ei Gro eller ein Jens som ideologisk leverandør til ei slik rørsle. Ikkje det at ein akademikar ikkje kan tilføre noe i arbedarrørsla, tvert om, og både Gro og Jens har gitt og gir sin skjerv. Men det er noe med det levde her; livet til ein som har vakse opp på ein barneheim, kontra ei som i barndomen berre har bekymra seg over å få sølvskeia ut før ho sette seg. Og det er også noe med det å kome frå økonomistudiene og rett inn i politikken, utan å ha kjent på noe anna enn eksamenspresset. Det handlar, som Stein Aabø seier i ein kommentar i Dagbladet 29.10., om språk og referansar. I dag er kjemien betre mellom LO-leiaren og leiaren av Ap, framleis ifølgje Aabø. Er grunnen at begge to er akademikarar med likt språk og referansar til den same verda?

Faren min var heile livet sitt ein glødande arbeidarpartimann, som kom frå fattige kår på ein gard langt inne i ein dal. Han tok seg jobb på ein fabrikk av di det ikkje var nok å leve av heime, og han blei på fabrikken heile det yrkesaktive livet sitt. For meg er han erke-arbeidaren. Han skatta bokleg kunnskap, sjølv om han aldri hadde råd til å studere i det heile. Berre ein i søskenflokken kunne sendast av garde på lærarskulen sjølv om fleire hadde hovud til det, og alle dei andre var med og betalte for studiene. Faren min ville formidle dette boklege vidare til oss. Han representerte moral, solidaritet, rak rygg og hardt arbeid, og levde ut fleire eigenskapar og ideal som i min generasjon berre kan kjennast igjen som omgrep og honnørord. Og han hadde ei bestemt kjensle av å vere med på å dyrke fram eit godt samfunn, sterkt motivert av at han sjølv hadde hatt det stridt i oppveksten.

Akkurat her er det noe ein gjerne gløymer i ei tid der grunnen til at ein 16-åring jobbar er at han skal ha råd til å finansiere kontantkorta sine, og der universitetsutdanning er noe nært ei tankelaus bigeskjeft ein held på med av symbolske årsaker. Trass i at eg ikkje er så gamal vel eg meg heller ein Yngve når noe skal seiast om solidaritet og likskap. Det kan godt vere sentimentalt pjatt, men eg stolar meir på ein ovnsarbeidar med gryande steinlunger som kjenner det i heile tilveret sitt viss samfunnet rundt han ikkje er hengsla, enn ein blåruss med lån i yen.

Og, come to think of it, her er grunnen til at eg ikkje skjøner meg på golf og fine bilar.

Gratla

til oss med det (snart) flunka nye universitetet her i Stavanger! Hipp, hipp! Ein kvar europeisk storby, seier Bondevik, treng ein katedral, eit universitet og eit fotballag i eliteserien. Katedral har vi hatt i hundrevis av år, og universitet får vi altså frå 1.1. neste år, men vi manglar eit elitelag. Framleis ifølgje Bondevik. Vel, vi manglar vel også ein stor by. Men, altså: Hurra for Universitetet i Stavanger.

Tuba Luba

Igjen, frå dottera mi si lesebok, Tuba Luba, for 2.-klasse:

Her er Ola og Ala.
Ala vil sile.
Ola vil sile.
Ala slo Ola.
Ala er lei.

Dette forstår eg ikkje. Innleiinga er grei, med ein oversiktleg presentasjon av heile persongalleriet. Deretter byrjar konflikten å dra seg til. I dette tilfellet dreier konflikten seg om at begge personane i forteljinga, både Ala og Ola, ønskjer å sile. Det kjem ikkje fram i historia kva dei ønskjer å sile, kan hende er det støypesand? Mjøl? Dette hadde vore eit mysterium, hadde det ikkje vore for klimakset, som røper ei aggressiv haldning hos Ala:

"Ala slo Ola."

Kva kan grunnen vere til Alas valdelege framferd? Den mest sannsynlege forklåringa, slik eg ser det, ligg nettopp i det som skal silast. Teksten nemner som sagt ikkje kva dei skal sile, men gjennom Alas framferd anar vi at det dreier seg om noe som kan utløyse sterke kjensler, og, som her, i ein pressa situasjon, vald. Dette noe er, etter mitt syn, mest sannsynleg eit narkotisk stoff i pulverform, til dømes kokain, som skal preparerast for bruk, og muleg pakkast inn i brukardoser for vidaresal. Kva anna er det som både utløyser slagsmål og som kan silast?

Dette gir oss eit nytt perspektiv: Teksten om Ola og Ala handlar om eit narktikaoppgjer.

Teksten gir oss ingen bakgrunnsinformasjon om verken Ola eller Ala, og det einaste sikre vi veit om dette paret, er at Ala har valdstendensar. Dette kan tyde på ein vanskeleg oppvekst, der Ala sjølv har vore vitne til eller offer for vald. Kan Ala vere ein innvandrar, komen til Noreg frå eit krigsherja land, utan naudsynt oppfølgjing? Vi veit likevel lite om Ala. Sidan dette eit narkotikaoppgjer, kan det vere tale om ein vanskjøtta innvandrarungdom sosialisert inn i feil miljø, men Ala kan og vere ein representant frå den stadig hardare austeuropeiske mafiaen. Endå meir komplisert blir det når illustrasjonane til historia framstiller Ala som ein apekatt. Det som i teksten kan se ut som ei nyansert problematisering av ein vanskelegstilt ungdom frå eit anna land, blir av illustrasjonane dreidd i retning av reinspikka rasisme, i den stereotype påstanden: "Alle utlendingar har rare namn og ser ut som apekattar."

Namnet "Ola" tyder på at dette er snakk om ein nordmann. Men namnet står i grell kontrast til personen: Bak det uskuldige, trauste bygdenamnet skjuler det seg ein pushar i ein fortvila situasjon. Ola er sannsynlegvis styrt av Ala, sidan det er Ola som blir offer for Alas aggressivitet. Likevel: Ola er med på dette. Han er aktiv, velgjande, og vel vitande om at Ola er ein nordmann, framstår han dermed som ein som har kunna gjort det gode, men som har valt det vekk. Han er ein friviljug idiot.

Forteljinga blir avslutta med ei skildring av Alas sinnstemning i etterkant av heile oppgjeret: "Ala er lei." Ein augneblink lurer vi på om Ala sig ihop i ettertanke og anger og tenkjer at han ikkje burde ha slått Ola. Likevel: Forteljinga inneheld såpass mange samfunnsrealistiske element (innvandrarbakgrunnen til Ala, den problematiske oppveksten med vald og mishandling, osv.) at ei så idyllisk og optimistisk avslutning på eit narkotikaoppgjer ikkje kan vere det forfattaren vil. At Ala er lei, tyder rett og slett at han har fått nok. Det handlar om ein ungdom i ein pressa situasjon, med eit stort behov for pengar, kan hende har han opparbeidd seg ei narkogjeld til sine leverandørar? I denne situasjonen ser han seg lei på at Ola, den bortskjemte guten frå velståande Noreg, blandar seg for mykje inn; Ola masar trass alt om å få sile. Slutten peikar i retning av at Ala ikkje berre er i stand til å slå Ola. Han er i ein så fortvila situasjon, med ein bortskjemt svekling av ein makker på den eine sida, og den russiske mafiaen på den andre sida, at han i desperasjon planlegg å ta livet av Ola. Slutten er berre tilsynelatande open, og følgjer ein dei samfunnsrealistiske peikarane i forteljinga, skjøner vi at Ala kjem til å drepe Ola.

Slik endar forteljinga i ei dobbel tragedie. Tematikken dreier seg på den eine sida om tilveret til ein ungdom som har flykta frå eit øydelagt og herja samfunn, ein situasjon som har ført til eit pervertert menneskesyn. På den andre sida har vi den bortskjemte nordmannen Ola, som har hatt alle mulegheiter i verda, men som velger det vonde. I skjerinspunktet mellom desse to lagnadene, den aktivt velgande vonde og det passive offeret for det vonde, finn vi temaet i forteljinga.

Men å utsetje 7-8-åringar for dette?

Lise

Her er Lise
Vi ser Lise
Lise vil sile
"i i i i i" sa Lise.

Dette er ein tekst frå Åsne, dottera mi, si norskbok, Tuba Luba. "Kvifor må eg lese dette, pappa, det er jo bare tøys?" Og det kan eg jo vere samd i. Men no er det jo ein tradisjon i leseopplæringa å skile meining frå avkoding. Meining og avkoding er ulike storleikar.

Lise vil sile? Herregud.

Kaffi er ut

og Regias pulverkakao (berre tilset vatn) er så sinnsjukt inn.

Human clock

Ei av dei kjekkaste, om enn mest unyttige, sidene eg har sett på lenge:

www.humanclock.com

Grisen står og hyler, og nynorsken ligg og blør. Det vestlandske opprinningshelvetet

Eg lurer av og til på kvifor eg les nokre nynorskforfattarar og -skribentar med vemmelse. Eg har jo av nynorskskrivande rundt meg alltid blitt tipsa om dette og hitt av litteratur. Fellesnemnaren i desse bøkene er likevel ikkje kvaliteten, men snarare det at dei har blitt tilrådd av ein entusiast.

Og der har du det igjen: Entusiastiske folk er ei plage, der dei går rundt og let seg begeistre av alt. Og dei verste av dei alle må vere nynorskentusiasten. Viss det er noen ikkje-vestlendingar som les dette, så kan eg fortelje at slike entusiastar finst det ein god del av på Vestlandet. Det finst fleire av dei som ikkje er entusiastiske, men ganske mange entusiastar likevel. Det som irriterar meg grenselaust med desse, er forventningane dei har til meg som nynorskrivar og -lesar. Og viss du trudde at det å lese og skrive nynorsk handlar om språk og litteratur, så tar du feil. Det handlar om ontologi:

Ein konform, innordna nynorskar opplever verda på ein spesiell måte. Viss eg til dømes skal nytte metaforar og bilder i språket mitt, skal eg referere til noe i det heile, må dette samsvare med den generelle vestlandsbakgrunnen som er forventa av meg, på ein eller annan måte. Og denne bakgrunnen må inkludere så mykje som muleg av følgjande:
- kjennskap til skog og skogsarbeid, turar på fjellet
- kjennskap til landbruk og dyr, både utsjånad på dyr, avføring, lukt og lydar
- kjennskap til det å vokse opp i revehaledistrikt, altså ikkje-urbane oppvekstmiljø, med store avstandar og rare namn
- kjennskap til pietisme og bedehuskultur, herunder erotiske fantasiar om minst ei prestedotter
- kjennskap til mykje anna eg ikkje har kjennskap til

Tilbake til metaforane. Skal eg uttrykke meg biletleg, må eg då hente bileta frå den forventa referanseramma mi. Eller eg må fortvile over å ikkje tilhøyre det urbane, som eg jo som nynorskar så gjerne vil tilhøyre, trass i at eg ikkje passar inn. Viss ikkje, har eg ikkje street credibility (eller rettare: farm credibility) blant nynorskarar. Ein munn snurpar seg saman som ei geiterompe, til dømes. Eg har jo sjølvsagt sett ei geiterompe, men kvifor skal eg blande inn ei geit og rompa hennar i mi verd, anna enn for å tekkast nynorskeliten (goat credibility)? Skulle eg ha brukt ein rompemetafor, hadde eg valt romper som sto meg og mi verd nærare. Det var vanlegare med ein hamster enn ei geit der eg kjem frå, endå vanlegare med arbeidarar, og både hamsterrompa og arbeidarrompa kan stå som metafor for mangt. Dette treng eg ikkje utdjupe her. Eg må elles vite om myrer og sumper, treslag og dyr i landbruket, rare lukter, uthus og andre løgne fenomen på bondegardar, prestar og pietisme, og andre generelle og spesielle bygdeting. Ein ting er ein roman som Fred, som tar fenomen tilknytt landsdelen på ein annan måte, pietismen og psykopaten, livet, døden og havet. Noe heilt anna er det å utvikle ein kultur som handlar om begreps-name-dropping av landsbygd-ting, og forvente at dette er ein del av ei slags nynorsk sjølvforståing.

Problemet er altså at eg ikkje kjem frå landet. Eller: Det gjer eg jo, eg kjem frå Høyanger, men Høyanger har aldri vore land i den nynorske tydinga av ordet. Høyanger er industrilandet og ikkje bondelandet; ein haug med nordmenn frå ulike plassar, i tillegg til nokre svenskar, kleiste ihop på kort tid, med katastrofale følgjer for bondesamfunnet i fjordarmen (og for øvrig også med store følgjer for språket). Det var berre 1,3 bønder i sjølve bygda Høyanger då eg voks opp. Høyanger var urbant, meir urbant enn til dømes den mykje større byen Sandnes i Rogaland, der eg no bur. Dei sauane eg høyrte om i Høyanger, høyrte eg om av di dei knakk beina grunna fluoren i fabrikkrøyken. Dette handlar dels om hovudnæringa i bygda, men også om forholdet til det kringliggjande: Sandnes er underordna Stavanger, og blir derfor ein revehaleplass. Høyanger er kommunesentrum, og plassane kring Høyanger blir derfor harry. Poenget her er ikkje at harry er gale, eller at bygda er galen, men at eg som nynorskar ikkje identifiserer meg med den nynorske sjølvkjensla.

Og denne nynorske sjølvkjensla skremmer mange nynorskarar - og kan hende endå verre: dei fleste ikkje-nynorskarane - frå det som skulle vere eit mål for heile landet, men som har blitt ei suppe som blandar sjølvforståing og språk på ein vanskeleg måte. Trist og leit, men vi har oss sjølv å takke. Nynorsk blir eit språk for nokre få, ikkje berre språkleg men og ontologisk. Det verste av alt er likevel at sjølv om vi lar oss irritere over valfritt sidemål i Oslo og anna som trugar nynorsken, så likar vi denne suppa. Nynorsken blir eit elitistisk særspråk, der ein kan boltre seg i å gjere narr av alle andre som ikkje heng med, og nytte geiterompemetaforar. Og vi diggar at dei fleste ikkje heng med, for det særmerkjer oss og stiller oss på sida av det heile, som tørre, ironisk distanserte observatørar.

Nynorsken ligg og blør, drit i at grisen står og hyler. Viss vi meiner at nynorsken har ein funksjon, ein plass, burde det vere noe å gripe fat i for nynorskarar. No er han hipp, om enn på sin kalkulert-bygde-nynorske måte, men Odd Nordstoga (ikkje frå Vestlandet) er om 2 år nok ein spiker i nynorskkista. Dette kjem til å slå grundig tilbake. Så trist at du må ha sixpence, vest og vadmel for å sleppe igjennom som nynorsk popartist.

Aust og vest

Eg var så heldig å få plass på eit føredrag med fotografen Morten Krogvold for eit par veker sidan. Krogvold var til stades på Bryne i samband med opninga av ein skulpturpark, og skulle, i tillegg til å vere med på opninga av denne parken, halde eit føredrag i det brynefolka kallar Storstova, kinosalen deira. Masse folk. Mange inkontinente knisedamer i 50-60-årsalderen som synest like gamle menn med halvlangt, bleika Finn Kalvik-hår og svart dress med buksa snøra saman over navlen er opphissande.

Eg hadde då trudd vi skulle få servert eit føredrag som handla om det å fotografere. Gjerne i vid forstand, altså alt rundt det å fotografere: Å sjå, oppdage, vere nyfiken, estetikk, osv. Kjekt å høyre på, sidan fyren vel kan fotografere.

Men, akk.

Livet har fart så fint med nokre, at dei kan, i ein alder av 50 +, hauste masse pengar og høglydt klapring frå tørre eggstokkar for å bable i eit par timar om gymnaspensumet sitt i litteratur og om avdanka café-vaner frå 80-talet. No høyrer det med til historia at eg ikkje har høyrt meisterfotografen snakke før, anna enn tilfeldig i bakgrunnen på TV. Men han har av ein eller annan grunn opparbeidd seg eit rykte som ein slags småkontroversiell intellektuell som går sine eigne vegar.

I to strake timar leid eg meg igjennom den mest banale og forutsigbare name-droppinga eg har høyrt sidan naboguten på 5 for eit par år sidan gjorde greie for kven Kaptein Sabeltann var, heile mannskapet hans og alle skattane han har funne. Det er noe veldig trist over blærete halvgamlisar som skryt av at dei

har lese Knut Hamsun;
likar Dostojevskij;
likar Mozart;
har spist pizza på eit gammalt pizzabakeri i Italia og derfor ikkje likar Grandiosa;
likar Bob Dylan;
ikkje likar reality-TV og TVNorge;
ikkje skjøner seg på "denne dataen."

Kjære, lille Morten, eg skulle så svært gjerne ønske at du hadde lese dette, og tatt det som eit dytt i rett retning frå ein velmeinande ven:

a) Det er kult å skryte av at du har lese 8 bøker, men berre viss du er 7 år og går i 2. klasse.
b) Bob Dylan lagar ikkje gode tekstar, det er berre noe du og nokre norsklektorar trur.
c) Du treng ikkje like italiensk mat sjølv om det var moderne i 1988.
d) Sei etter meg: "Mozarts symfoniar er musikalsk nekrofili."
e) Viss hovudet ditt ikkje forstår II-V-I-vendingar, så ikkje skryt av at du diggar bebop.
f) Det er så lett å imponere 50-år gamle Tena-Ladies at du bør søke utfordringane dine andre plassar.

Men det mest ironiske av alt, Morten, var at du sto i Storstova på Bryne i Time kommune på Jæren, midt i Arne Garborg-land (du skjøner, han er ein lokal forfattar), som ein bortskjemt Oslo-vest-snott, med dine flaue kulturelitist-wannabe-fraser, og skjønte ikkje at nokre kilometer lenger sør måtte både Arne og Hulda lette på kisteloka for å kaste opp.

Det var heile denne ironien, ein anti-vestlending si trynefjerting på Bryne, som gjorde at eg kunne gå frå føredraget med eit deilig smil om munnen. Og du sa jo, raust nok, at vi fekk lov til å vere usamde.

De skulle hatt Dem en blogg, skulle De.

september 2005
ma ti on to fr
      1 2 3 4
5
6
7 8 9 10 11
6. september 2005
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30    
             
img