Eg har fått ny blogg

og den kan dere finne her:

www.virtuelvis.net

 Dei 4-5 av dykk som les bloggen min er hjarteleg velkomne til å endre bokmerka dykkar. Bloggen her på sprayblogg blir forlatt. 

 


Skont

Eg er litt usikker på skrivemåten av dette ordet, men det skal uttalast /skon:t/, med ikkje-kontinental "o", slik vi uttalar han her til lands. Ordet "skont" blir berre brukt, såvidt eg kjenner til, i Stavanger-området, sikkert eit jæruttrykk frå gammalt av, og tyder noe i retning av annanrangs, dårleg. Det er eitt av dei orda som på forbløffande vis ber med seg tydinga i lyden, om lag på linje med "snoffla" (snuble), som også er stavangersk. 


Snoffla er mykje meir dekkande enn snuble, av di det høyrest så utruleg klønete ut; det ber med seg ein kløne-estetikk.  Slik er det og med "skont", og eg har adoptert ordet rett inn i mi sognedialekt, noe som er umuleg å gjere med "snoffla". Skonta-tv, til dømes, er kanalar som TV-Noreg: 


- kva gjer du på i kveld?

- ser på skonta-tv


Når du skal male huset finn du fram nokre skontaklede, rotter er skontadyr, og Framstegspartiet er eit skontaparti.


Flott? Eg slår eit slag for ordet skont, det høyrest solid annanrangs ut, og det er ikkje lydleg tvil om kva du meiner når du bruker dette ordet. 


The new man is the old teacher

Mannsidealet er for tida under fleire luper. Mannen har vore gjenstand for diskusjon så lenge no, at den sjølvopptekne delen av feministrørsla, dei som ikkje greier å tenkje lenger fram en til sin eigen oppvaskbenk, burde bli uroa: Det som skulle bli eit fokus på kvinnerettar har blitt eit fokus på mannsrolla. Dermed lever vi framleis i eit slags patriakalsk samfunn; det er mannen alt dreier seg om. Eller: Vi lever i eit dobbeltpatriarkalsk samfunn, der vi framleis har ting å streve med for å oppnå full likestilling, i tillegg til at dei vulgære kvinnerørsla har sytt føre å gjere oss menn så merksame på kva for noen drittsekkar vi er. Mannsrolla er i fokus heile tida, sett frå alle kantar. Dette gir seg komiske utslag, ikkje minst på bekostning av kvinnene. For oss gutar som både skal leve saman med jentene, og i nokre tilfelle (som mitt) skal oppdra jenter, blir det berre vanskeleg.


Hvor skal min hjelp komme fra*, som det heiter i Salmane? Jo, den ideelle mannen for å tekkjast den moderne kvinna finn vi masseprodusert i lærarhøgskulane frå 70-talet og fram til våre dagar. Viss du var ein gut då du byrja på lærarskulen, blei du ein gutoid då du slutta. Garantert. Eit betre uttrykk på desse skapnadene, gutoidane, som vi jo alle har hatt røynsler med i løpet av livet, er PedKjerring (av "pedagogikk" -- retninga som fekk ta overhand, og "kjerring" -- kjønnet hvis tankar fekk dominere innhaldet i pedagogikken og metodikken). Ei PedKjerring er først og fremst eit kjønnsnøytralt uttrykk; PedKjerringa kjem i begge kjønn. Men ho er mest oppsiktsvekkjande som mann, det er den lærarhøgskuleutdanna 30-årige, mannlege PedKjerringa som får deg til å stoppe opp og tenkje over både eitt og hitt.


PedKjerringa har altså trudd på pedagogikken som blir formidla av dei kvinnelege, nyss fråskilde, inkontinente 55 år gamle høgskulelektorane med svære filler, skjeiv pannelugg og keramikkøyredobb i det eine øyret. Denne pedagogikken handla ikkje om fagleg dyktigheit, men om drama og samtalar. Kan du få elevane til å danse namnet sitt**, har du nådd inn til deira inste. Dersom to gutar på  12 fyk i tottane på kvarandre, skal årsakene til problemet snakkast om. 


Greia er: Gutar snakkar ikkje, dei slåst. Når dei ikkje likar noe ein lærar gjer, viser dei fingeren og ber vedkomande dra til helvete. Jo eldre dei blir, jo mindre slåst dei, sjølv om nokre framleis tar ut noe av testosteronet ved å vere store i kjeften. Jenter slåst ikkje, dei snakkar. Når dei ikkje likar noe ein lærar gjer, snakkar dei om dette til andre. Jo eldre dei blir, jo fleire snakkar dei med, grundigare og på meir infamt vis. Ein gut med problem ut-agerer, ei jente inn-agerer. Guten blir eit problem, jenta har eit problem. Og dei skeivklypte skilsmissene med brende bh-ar og keramikk hengande frå øyret forstår ikkje dette: For dei er vi alle jenter.


Men slik er ikkje verda utanfor dramatimen. Og dette kuppet, for det er jo ikke anna enn eit kupp gjort av kvinnelege pedagogar og dramalærarar, produserer nyttige idiotar, PedKjerringa, som vi blir utsett for i heile skulegongen. Kuppet resulterer i at gutane har blitt sosiale og faglege skuletaparar. Gutane på skulen forstår rett og slett ikkje språket. Problemet til Tommy er over i det han drar til Ronny, og Ronny drar til han igjen. Men i staden skal no Tommy og Ronny danse problemstillinga til kvarandre.


Den nye mannen, den som tekkjast kvinna, er altså den gamle læraren, og skal du vere ei ung, progressiv jente, må du leite etter ein syklande fyr med skinnvest og briller, og med eit heilt ubevisst forhold til hår i andletet og kroppslukt. Der har du han som vil snakke med deg og som kan setje opp heile problemet ditt som eit dansestykke.***


* Eg nyttar her ein teknikk eg lærte av min gamle lærar i norrønt og syntaks på Universitetet i Stavanger, Kåre Flokenes: Når det er ei sak eg ikkje kan stå inne for eller meiner, nyttar eg bokmål. Alt som er kronglete og uklårt når det gjeld mitt forhold til det, blir formidla på bokmål. 

** Jo, eg måtte dette medan eg gjekk på ped. sem.

*** Nei, eg er ikkje bitter og skild, eg er lukkeleg og sambuande


Ventemusikk

For eit par dagar sidan hadde eg eit problem eg ville drøfte med ein saksbehandlar hos Netcom. I den same perioden hadde visstnok heile Noreg problem dei ville drøfte med Netcom, sidan det var umogleg å få sendt av garde ein einaste SMS. Hos Netcoms kundesenter får du, som hos alle andre telefon-kundesenter, ulike val: Tast 1 for faktura, tast 2 for ekstratenester, osv. Eg tasta 3, for eg ville snakke med ein vaskeekte kundebehandlar. Og eg ble då, som forventa, sett på vent. 


Eg sat ikkje berre på vent, eg sat i eit reint panfløytehelvete, der eg måtte lytte til Roald Engelbergs perverse tolkingar av populærmusikk frå det 20. hundreåret. Dette skjer jo sjølvsagt uansett om eg ringer til Netcom eller bilverkstaden. Mitt einaste poeng her er å kome med eit ønske: Kan ikkje noen lage ulike val for ventemusikk, slik at du, når du har gjort deg vekk med å velge tenestar, får nokre nye  val: Tast 1 for Roald Engelbergs panfløytemusikk, tast 2 for køntri, tast 3 for Sigmund Groven plays Sissel Kyrkjebø, osv? Valfridom.


Det blir inga jul

av di MacGyver-epsiodene ikkje kjem på marknaden før etter jul:

http://web3.aftenbladet.no/kultur/article159877.ece

Og no er eg ikkje ironisk; eg er ein die hard Macgyver-fan, og tar serien heilt på alvor.

Geniale forretningsidéar: Trusseltelefonen

Ein ny forretningsidé slo ned i meg hin dagen, i samband med pyramideskandalane som vi høyrer så myke om i media: Ein trusseltelefon. Ein trusseltelefon er slett og rett ei teneste som eg kunne tenke meg å tilby, og konseptet er ganske enkelt: Dersom du har behov for å true noen med eitt eller anna, tar du kontakt med meg, trusseltelefonen versågod, og gir meg telefonnummeret til den eller dei du vil eg skal true. Det kan vere alt frå lette truslar om vald på grensa til kos, via knusing av kneskåler, heilt opp til truslar om drap. Trussel om småvald på ein person, priskategori A; trussel om drap av heile familiar, priskategori H, og så eit spekter i mellom A og H.

Ein samtale frå trusseltelefonen kan til dømes gå føre seg slik:
(det ringer)
- Hallo...?
- Ja, hei, goddag du, dette er fra trusseltelefonen - "Alt annet enn duer, for vi truer!" Du har gjerne høyrt om oss?
- Nei, men kva gjeld dette?
- Jo, no skal du høyre. Det har seg slik at du skuldar Hells Angels på Braut utanfor Bryne ganske mykje pengar. Eg forstår det slik at du driv litt med distribusjon av tyngre narkotiske stoff...?
- Nei... eller jo... litt
- Å, så koseleg! Sei meg, koss er det i stoffdistribusjonsnæringa om dagane? Eg har høyrt at det er nedgangstider, og lite å hente, særleg sidan politiet har skjerpa etterforskinga si?
- Ja, du kan seie det slik. Det er vanskeleg å rekruttere nye brukarar, folk er så jævla fornuftige om dagane. Bruker pengar og tid på ferier og slikt.
- Ja, har høyrt det. Så synd. Men, du: Saken er altså den at Hells Angels har bestilt en trussel via oss, og eg skal då bodbringe den til deg.
- Å, kva slags trussel er det?
- Det er ein uspesifisert trussel om avliving, prisklasse A, der du sjølv kan velge avrettingsmåte. Bestemmer du deg innan 10 dagar, får du ein refleksvest med på kjøpet.
- Så bra! Kan eg bestemme meg med ein gong?
- Ja.
- Då vel eg avretting ved pistolskot. Nei, forresten, eg tar hagle. Avsaga. I hovudet.
- Ja, då har eg notert det . Og då sender eg refleksvesten i posten til deg, ok?
- Heilt kanon! Og takk skal du ha. Hels Angels (latter) - tok du'an?
- (høg, skingrande latter) Ja! (meir latter) Eg skal helse. Ha det fint!
- Ha det!

Det geniale, om eg så må seie det, er jo her at du som har eit anstrengt forhold til ein person slepp å få på deg at du har trua noen, og eg som ikkje har eit anstrengt forhold til vedkomande kan overbringe trusselen, utan å setje deg i kontakt med den truga. Eg har tausheitsplikt, men samstundes kan politiet få overlevert månadleg ei liste over truslar frå meg, slik at dei i alle høve har oversyn over generelle truslar.

Eg ser og føre meg at verksemda kan utvidast til båe målformer, for viss du skriv nynorsk er det jo urettferdig å bli trua på bokmål. Trugsmålstelefonen.

Noen som vil vere med å investere?

2y = 1g

Kor mange Groer går det på ein Yngve? Vel, Gro var jo ein yndling i si tid, utvilsamt særs dyktig. Og ho blei ei dame som fekk mykje å seie for heile Noreg, på godt og vondt, og sidan har ho blitt, eller prøvd å bli, ei internasjonal røyst. Likevel er det noe med den store skilnaden som ein etterkvart kan se mellom ulike partar i arbeidarrørsla. Går dette skiljet mellom akademikarane og ikkje-akademikarane, dei innfødde i ei arbeidarklasse og dei innfødde i eit parti? Eit slikt skilje, der akademikarane har hatt ein tendens til å dra til høgre, er, viss det er slik, trist for heile rørsla, og heile idéen om eit arbeidarparti. No om dagane går det ein diskusjon om tilhøvet mellom Gro Harlem Brundtland og Yngve Hågensen, der sistnemnte i biografien sin mellom mykje anna påstår at han er offer for ryktemakeri, og at motstandarane hans har nytta upolitiske verkemiddel mot han, mellom anna i kampen om posisjonen som LO-leiar. Kva om ein viktig grunn til desse konfliktane er skiljet mellom akademikarar og ikkje-akademikarar i arbeidarrørsla? Legestudenten Gro, statsrådsdotter frå Frogner, mot den foreldrelause Yngve frå barneheimen?

Sett vekk frå at dette er eit klassisk motiv (eller kan hende nettopp på grunn av det?) er det noe med ideala, grunnlaget for arbeidarrørsla som plagar meg ved tanken på ei Gro eller ein Jens som ideologisk leverandør til ei slik rørsle. Ikkje det at ein akademikar ikkje kan tilføre noe i arbedarrørsla, tvert om, og både Gro og Jens har gitt og gir sin skjerv. Men det er noe med det levde her; livet til ein som har vakse opp på ein barneheim, kontra ei som i barndomen berre har bekymra seg over å få sølvskeia ut før ho sette seg. Og det er også noe med det å kome frå økonomistudiene og rett inn i politikken, utan å ha kjent på noe anna enn eksamenspresset. Det handlar, som Stein Aabø seier i ein kommentar i Dagbladet 29.10., om språk og referansar. I dag er kjemien betre mellom LO-leiaren og leiaren av Ap, framleis ifølgje Aabø. Er grunnen at begge to er akademikarar med likt språk og referansar til den same verda?

Faren min var heile livet sitt ein glødande arbeidarpartimann, som kom frå fattige kår på ein gard langt inne i ein dal. Han tok seg jobb på ein fabrikk av di det ikkje var nok å leve av heime, og han blei på fabrikken heile det yrkesaktive livet sitt. For meg er han erke-arbeidaren. Han skatta bokleg kunnskap, sjølv om han aldri hadde råd til å studere i det heile. Berre ein i søskenflokken kunne sendast av garde på lærarskulen sjølv om fleire hadde hovud til det, og alle dei andre var med og betalte for studiene. Faren min ville formidle dette boklege vidare til oss. Han representerte moral, solidaritet, rak rygg og hardt arbeid, og levde ut fleire eigenskapar og ideal som i min generasjon berre kan kjennast igjen som omgrep og honnørord. Og han hadde ei bestemt kjensle av å vere med på å dyrke fram eit godt samfunn, sterkt motivert av at han sjølv hadde hatt det stridt i oppveksten.

Akkurat her er det noe ein gjerne gløymer i ei tid der grunnen til at ein 16-åring jobbar er at han skal ha råd til å finansiere kontantkorta sine, og der universitetsutdanning er noe nært ei tankelaus bigeskjeft ein held på med av symbolske årsaker. Trass i at eg ikkje er så gamal vel eg meg heller ein Yngve når noe skal seiast om solidaritet og likskap. Det kan godt vere sentimentalt pjatt, men eg stolar meir på ein ovnsarbeidar med gryande steinlunger som kjenner det i heile tilveret sitt viss samfunnet rundt han ikkje er hengsla, enn ein blåruss med lån i yen.

Og, come to think of it, her er grunnen til at eg ikkje skjøner meg på golf og fine bilar.

Gratla

til oss med det (snart) flunka nye universitetet her i Stavanger! Hipp, hipp! Ein kvar europeisk storby, seier Bondevik, treng ein katedral, eit universitet og eit fotballag i eliteserien. Katedral har vi hatt i hundrevis av år, og universitet får vi altså frå 1.1. neste år, men vi manglar eit elitelag. Framleis ifølgje Bondevik. Vel, vi manglar vel også ein stor by. Men, altså: Hurra for Universitetet i Stavanger.

Kaffi er ut

og Regias pulverkakao (berre tilset vatn) er så sinnsjukt inn.

Grisen står og hyler, og nynorsken ligg og blør. Det vestlandske opprinningshelvetet

Eg lurer av og til på kvifor eg les nokre nynorskforfattarar og -skribentar med vemmelse. Eg har jo av nynorskskrivande rundt meg alltid blitt tipsa om dette og hitt av litteratur. Fellesnemnaren i desse bøkene er likevel ikkje kvaliteten, men snarare det at dei har blitt tilrådd av ein entusiast.

Og der har du det igjen: Entusiastiske folk er ei plage, der dei går rundt og let seg begeistre av alt. Og dei verste av dei alle må vere nynorskentusiasten. Viss det er noen ikkje-vestlendingar som les dette, så kan eg fortelje at slike entusiastar finst det ein god del av på Vestlandet. Det finst fleire av dei som ikkje er entusiastiske, men ganske mange entusiastar likevel. Det som irriterar meg grenselaust med desse, er forventningane dei har til meg som nynorskrivar og -lesar. Og viss du trudde at det å lese og skrive nynorsk handlar om språk og litteratur, så tar du feil. Det handlar om ontologi:

Ein konform, innordna nynorskar opplever verda på ein spesiell måte. Viss eg til dømes skal nytte metaforar og bilder i språket mitt, skal eg referere til noe i det heile, må dette samsvare med den generelle vestlandsbakgrunnen som er forventa av meg, på ein eller annan måte. Og denne bakgrunnen må inkludere så mykje som muleg av følgjande:
- kjennskap til skog og skogsarbeid, turar på fjellet
- kjennskap til landbruk og dyr, både utsjånad på dyr, avføring, lukt og lydar
- kjennskap til det å vokse opp i revehaledistrikt, altså ikkje-urbane oppvekstmiljø, med store avstandar og rare namn
- kjennskap til pietisme og bedehuskultur, herunder erotiske fantasiar om minst ei prestedotter
- kjennskap til mykje anna eg ikkje har kjennskap til

Tilbake til metaforane. Skal eg uttrykke meg biletleg, må eg då hente bileta frå den forventa referanseramma mi. Eller eg må fortvile over å ikkje tilhøyre det urbane, som eg jo som nynorskar så gjerne vil tilhøyre, trass i at eg ikkje passar inn. Viss ikkje, har eg ikkje street credibility (eller rettare: farm credibility) blant nynorskarar. Ein munn snurpar seg saman som ei geiterompe, til dømes. Eg har jo sjølvsagt sett ei geiterompe, men kvifor skal eg blande inn ei geit og rompa hennar i mi verd, anna enn for å tekkast nynorskeliten (goat credibility)? Skulle eg ha brukt ein rompemetafor, hadde eg valt romper som sto meg og mi verd nærare. Det var vanlegare med ein hamster enn ei geit der eg kjem frå, endå vanlegare med arbeidarar, og både hamsterrompa og arbeidarrompa kan stå som metafor for mangt. Dette treng eg ikkje utdjupe her. Eg må elles vite om myrer og sumper, treslag og dyr i landbruket, rare lukter, uthus og andre løgne fenomen på bondegardar, prestar og pietisme, og andre generelle og spesielle bygdeting. Ein ting er ein roman som Fred, som tar fenomen tilknytt landsdelen på ein annan måte, pietismen og psykopaten, livet, døden og havet. Noe heilt anna er det å utvikle ein kultur som handlar om begreps-name-dropping av landsbygd-ting, og forvente at dette er ein del av ei slags nynorsk sjølvforståing.

Problemet er altså at eg ikkje kjem frå landet. Eller: Det gjer eg jo, eg kjem frå Høyanger, men Høyanger har aldri vore land i den nynorske tydinga av ordet. Høyanger er industrilandet og ikkje bondelandet; ein haug med nordmenn frå ulike plassar, i tillegg til nokre svenskar, kleiste ihop på kort tid, med katastrofale følgjer for bondesamfunnet i fjordarmen (og for øvrig også med store følgjer for språket). Det var berre 1,3 bønder i sjølve bygda Høyanger då eg voks opp. Høyanger var urbant, meir urbant enn til dømes den mykje større byen Sandnes i Rogaland, der eg no bur. Dei sauane eg høyrte om i Høyanger, høyrte eg om av di dei knakk beina grunna fluoren i fabrikkrøyken. Dette handlar dels om hovudnæringa i bygda, men også om forholdet til det kringliggjande: Sandnes er underordna Stavanger, og blir derfor ein revehaleplass. Høyanger er kommunesentrum, og plassane kring Høyanger blir derfor harry. Poenget her er ikkje at harry er gale, eller at bygda er galen, men at eg som nynorskar ikkje identifiserer meg med den nynorske sjølvkjensla.

Og denne nynorske sjølvkjensla skremmer mange nynorskarar - og kan hende endå verre: dei fleste ikkje-nynorskarane - frå det som skulle vere eit mål for heile landet, men som har blitt ei suppe som blandar sjølvforståing og språk på ein vanskeleg måte. Trist og leit, men vi har oss sjølv å takke. Nynorsk blir eit språk for nokre få, ikkje berre språkleg men og ontologisk. Det verste av alt er likevel at sjølv om vi lar oss irritere over valfritt sidemål i Oslo og anna som trugar nynorsken, så likar vi denne suppa. Nynorsken blir eit elitistisk særspråk, der ein kan boltre seg i å gjere narr av alle andre som ikkje heng med, og nytte geiterompemetaforar. Og vi diggar at dei fleste ikkje heng med, for det særmerkjer oss og stiller oss på sida av det heile, som tørre, ironisk distanserte observatørar.

Nynorsken ligg og blør, drit i at grisen står og hyler. Viss vi meiner at nynorsken har ein funksjon, ein plass, burde det vere noe å gripe fat i for nynorskarar. No er han hipp, om enn på sin kalkulert-bygde-nynorske måte, men Odd Nordstoga (ikkje frå Vestlandet) er om 2 år nok ein spiker i nynorskkista. Dette kjem til å slå grundig tilbake. Så trist at du må ha sixpence, vest og vadmel for å sleppe igjennom som nynorsk popartist.

Aust og vest

Eg var så heldig å få plass på eit føredrag med fotografen Morten Krogvold for eit par veker sidan. Krogvold var til stades på Bryne i samband med opninga av ein skulpturpark, og skulle, i tillegg til å vere med på opninga av denne parken, halde eit føredrag i det brynefolka kallar Storstova, kinosalen deira. Masse folk. Mange inkontinente knisedamer i 50-60-årsalderen som synest like gamle menn med halvlangt, bleika Finn Kalvik-hår og svart dress med buksa snøra saman over navlen er opphissande.

Eg hadde då trudd vi skulle få servert eit føredrag som handla om det å fotografere. Gjerne i vid forstand, altså alt rundt det å fotografere: Å sjå, oppdage, vere nyfiken, estetikk, osv. Kjekt å høyre på, sidan fyren vel kan fotografere.

Men, akk.

Livet har fart så fint med nokre, at dei kan, i ein alder av 50 +, hauste masse pengar og høglydt klapring frå tørre eggstokkar for å bable i eit par timar om gymnaspensumet sitt i litteratur og om avdanka café-vaner frå 80-talet. No høyrer det med til historia at eg ikkje har høyrt meisterfotografen snakke før, anna enn tilfeldig i bakgrunnen på TV. Men han har av ein eller annan grunn opparbeidd seg eit rykte som ein slags småkontroversiell intellektuell som går sine eigne vegar.

I to strake timar leid eg meg igjennom den mest banale og forutsigbare name-droppinga eg har høyrt sidan naboguten på 5 for eit par år sidan gjorde greie for kven Kaptein Sabeltann var, heile mannskapet hans og alle skattane han har funne. Det er noe veldig trist over blærete halvgamlisar som skryt av at dei

har lese Knut Hamsun;
likar Dostojevskij;
likar Mozart;
har spist pizza på eit gammalt pizzabakeri i Italia og derfor ikkje likar Grandiosa;
likar Bob Dylan;
ikkje likar reality-TV og TVNorge;
ikkje skjøner seg på "denne dataen."

Kjære, lille Morten, eg skulle så svært gjerne ønske at du hadde lese dette, og tatt det som eit dytt i rett retning frå ein velmeinande ven:

a) Det er kult å skryte av at du har lese 8 bøker, men berre viss du er 7 år og går i 2. klasse.
b) Bob Dylan lagar ikkje gode tekstar, det er berre noe du og nokre norsklektorar trur.
c) Du treng ikkje like italiensk mat sjølv om det var moderne i 1988.
d) Sei etter meg: "Mozarts symfoniar er musikalsk nekrofili."
e) Viss hovudet ditt ikkje forstår II-V-I-vendingar, så ikkje skryt av at du diggar bebop.
f) Det er så lett å imponere 50-år gamle Tena-Ladies at du bør søke utfordringane dine andre plassar.

Men det mest ironiske av alt, Morten, var at du sto i Storstova på Bryne i Time kommune på Jæren, midt i Arne Garborg-land (du skjøner, han er ein lokal forfattar), som ein bortskjemt Oslo-vest-snott, med dine flaue kulturelitist-wannabe-fraser, og skjønte ikkje at nokre kilometer lenger sør måtte både Arne og Hulda lette på kisteloka for å kaste opp.

Det var heile denne ironien, ein anti-vestlending si trynefjerting på Bryne, som gjorde at eg kunne gå frå føredraget med eit deilig smil om munnen. Og du sa jo, raust nok, at vi fekk lov til å vere usamde.

De skulle hatt Dem en blogg, skulle De.

Mopping i skulen

er eit alvorleg problem som bør bekjempast på alle frontar. Ikkje mopp kameraten min:

http://aftenbladet.no/nyheter/lokalt/article.jhtml?articleID=213612

Wenche Foss for President

Som mange har sagt det, mellom anna Ted Nelson (sitert lenger nede i bloggen), er folk flest idiotar. Og som mange andre igjen har sagt det lever vi i ei tid der det er vanskeleg å eigentleg skjøne om vi har eit demokratisk styresett eller ikkje. Mange løysingar er prøvd opp igjennom historia: Eineveldige kongar og diktatorar, ulike former for demokrati, kommunisme, føydalisme, med meir. Og frå tid til anna diskuterer vi også no til dags demokratiet vårt, som vi er så stolte av, og om det eigentleg funkar slik det skal.

Men det gjer det ikkje. Valoppslutninga er låg, folk har like lita tiltru til politikarar som til taxisjåførar, og folk flest skjøner ikkje skilnaden mellom Se og Hør. Ikkje bryr dei seg heller.

Ei løysing har i mellomtida aldri blitt diskutert. Løysinga eg tenkjer på har likevel blitt grundig prøvd ut i avgrensa område, på ein eksperimentell arena, og med suksess. Så å seie rett framfor nasene våre. Og eg kan ikkje sterkt nok understreke kor stor tru eg har på denne løysinga, som ein arvtakar etter det sletne demokratiet vårt, og som ei naturleg utvikling, ein evolusjon, fram mot eit reindyrka, direkte og rettvist demokrati, sjølv for dei av oss med veldig tettsitjande auge.

Eg tenkjer sjølvsagt på eit utstemmingsprinsipp etter Farmen-, Big Brother- og andre realitymodellar. Det er eit så enkelt prinsipp at sjølv dei største idiotane blant oss skjøner det. Koss kan eg seie det? Jo, for dei største idiotane blant oss ser på nettopp Farmen, Big Brother og andre realityseriar. Og dei skjøner det. Modellen er vidare så enkel at ein kvar idiot greier å stemme - eg veit det av di ein kvar idiot stemmer på personane i realityseriane. Og, endeleg, kan hende det viktigaste: Ein kvar tosk rundt om kring blir engasjert av dette, og vil garantert kome til å stemme.

Vi har dermed sikra oss eit vitalt og levande demokrati, med engasjerte velgarar. Vi slepp keisame offentlege rundskriv og pressemeldingar, for det er eit mål at alle oppgåvene til deltakarane, altså politikarane, skal presenterast rundt peisbålet om kvelden, kvar fredag. Kvar politikar får 5 minutt, og kan utfordre etter tur til holmgang, kven dei vil. Holmgangen kan jo diskuterast. I Farmen kastar dei mjølkespann og slikt, men eg har meir tru på ein kamp der politikarane kan skade kvarandre. Bitekonkurransar, til dømes. Eller springskalle, med 10 meters tilløp. Alliansar blir inngått etter behov kvar veke, og ingen får røyke, drikke eller hore viss dei ikkje gjer vekeoppgåvene sine på ein slik måte at mentor godkjenner dei. Og ein ny mentor, ein slags president, blir stemt inn kvar månad, for variasjonen. Førstemann ut kan til dømes vere Anne Mona, eller Ari Bein. Kan hende Martha Louise? Wenche Foss? Snakk om folkestyre!

På internett kan du lese profilar av kvar politiker, og du kan følgje dei 24 timar i døgeret via kameraa i alle romma deira. Koss er det når Carl I. Hagen tørkar seg på do, til dømes. Slikt lurer jo folk på. Koss pussar Kjell Magne tenna, ser Valgerd seg i spegelen i det heile? Alt dette er viktige opplysingar som velgarane skal bruke til å danne seg eit inntrykk av politikarane og politikken deira. Dette er mykje grundigare og meir rettvist enn dei slurvete 2-minuttsdebattane på TV2.

Altså: Heile politikarar, heile døgeret! Ikkje stol på ein politikar før du har sett han naken i dusjen, eller ein tidleg morgon, i småstressa lutrygga gange mot klesskåpet i ein freistnad på å skjule morgonbrødet sitt. Ein politikar består ikkje berre av meiningar, men også av ein kropp, matvanar, song i dusjen, kløing i skrittet og sovestillingar. Og alt dette høyrer til politikarembetet, og vi fortener å få vite om slikt.

Gjer Oslo valfritt

Som dei fleste veit er det på tale med ei prøveordning i nokre osloskular, der elevar får velge vekk sidemålsstilen. For dei aller fleste i Oslo dreier det seg om å velge vekk nynorsk, sidan dei færraste der til lands (!) vel å skrive nynorsk som hovudmål. Eg er heilt samd i denne valfridomen, og har argumentert i ei anna spalte i denne bloggen for å innføre polsk i staden for norsk, rett og slett av di vi sparar pengar på å kvitte oss med dyre norsklærarar og innføre polakkar i morsmålsopplæringa. (Vekk med minus og deling og - mykje pengar å spare på å skrenke inn til to rekneartar).

Men: Eit godt innspel i valfridomsdebatten synest eg kom frå Terje Torkildsen, spaltist i Stavanger Aftenblad. Sidan nynorsken skal gjerast valfri for oslofolk, bør Oslo gjerast valfri for nynorskfolk. På den same måten som nynorsken er ei stygg vorte for elevar i Oslo, er Oslo eit stygg vorte for oss nynorskarar. Eg vil gjerne kunne krysse av i eit skjema om eg vil vedkjenne meg tilhøyrigheit til Oslo eller ikkje. Og eg vil gjerne då altså ikkje vedkjenne meg tilhøyrigheit til Oslo. Til dømes Bergen skal bli min hovudstad, og kongen gjeld ikkje for meg, viss ikkje han flyttar til Bergen. Og viss ikkje kongen flyttar til Bergen, vel eg meg ein annan konge, som skal få halde nyttårstale for meg. Kven som kan bli konge i Bergen veit eg ikkje heilt enno, men kan hende kan Sissel Kyrkjebø bli dronning? No som ho er skilt frå Eddie Skoller, vil ikkje dette få storpolitiske konsekvensar med røter tilbake til unionen.

Andre mulegheiter opnar seg også. Regjeringa vår held til i Oslo, og eg har aldri vore med på å stemme fram den blåkristelege regjeringa vi har i dag. Derfor ser eg føre meg at vi kan ha to regjeringer og, der den andre held til i Bergen, viss det blir den andre hovudstaden. (Kan hende vi heller kan opprette to nye byar, Protagonoslo og Antagonoslo, der vi trekk lodd om kor dei skal liggje, som to motsette hovudstader? Så kan vi kan hende kvar veke stemme inn og ut embetsfolk alt etter som dei drit seg ut eller ikkje på TV?)

Uansett: Lat oss få igang ei folkerørsle for eit valfritt Oslo. Lat oss kunne velge mellom Oslo og ein annan plass når vi skal møte regjering og konge. Og lat oss få to NRK-kanalar til, NRK 3 og 4, som er ein utanfor-Oslo-variant av NRK 1 og 2. Lat oss også få Dagbladet og VG for resten av landet, der vi slepp nyheiter som berre oslofolk er interessert i, som til dømes kven som er Åsne Seierstads nye kjærast og kor mykje hår Skavland mistar. Berre Oslo-avisene treng skrive om dårlege austlandsfilmar og -musikk, og vi her kan kose oss med det som blir laga utanfor Oslo.

Kan hende vi også kan lage ein Olso-variant av Bibelen (Olso = Oslo baklengs), der vi føyer til eitt og anna i Fader vår om å frelse oss frå det vonde, herunder Ari Bein, Norsk Film, Wenche Foss, Postgirobygget, Trang Fødsel og all anna DH-rock, Liv Ullmann og Ole Paus?

Beware of Short People 4

Bevisa berre ramlar inn:

http://aftenbladet.no/nyheter/lokalt/article.jhtml?articleID=212074

Kortvokste er ei fare for blondinene på Shell-stasjonen også.

Beware of Short People 3

Mao var også liten, var han ikkje? Liten og tjukk. Eg prøver berre å samle prov for påstandane lenger nede i teksten. Skal prøve å setje opp ei matrise med ulike parameter som kan hjelpe til å avdekkje koss dei små trengjer seg inn overalt i farlege posisjonar.

Kor høg er eigentleg Bush?

Beware of Short People 2

Dette støttar vel berre opp om det eg før har nemnt:

http://www.forskning.no/Artikler/2004/september/1094212669.0

(...)

Og med følgjande sitat av Ted Nelson, passar det å ta helg:

"most people are fools, most authority is malignant, God does not exist, and everything is wrong."

Beware of Short People

Kan ein eigentleg stole på små folk? Mussolini var liten, Hitler var liten, Franco også. Napoleon og Idi Amin var små. Lenin. Og Jan Simonsen. Mykje talar for at det er noe med små folk. Erik Bye er stor, så han trur eg det går an å stole på. Gro Harlem Brundtland er eg litt usikker på, men ho er jo kvinne, i alle høve hevdar ho det sjølv, så andre reglar gjeld kan hende her. Bondevik er i ein litt ekkel midtposisjon, umuleg å angripe, men likevel med eitt eller anna skummelt ved seg. Far min var stor, og rektor på barneskulen min var liten, så her gjeld regelen. Små menn er faktisk litt creepy. Tysklærarar var alltid små, engelsklærarar store. Mini-Jacobsen har ikkje ethos i mine auge, og eg får alltid ei bestemt og litt trist sirkusdverg-kjensle av å sjå han på TV. Du les ikkje Dvergen av Pär Lagerkvist utan å se føre deg Mini-Jacobsen heile tida. Thorstvedt, derimot, verkar truverdig.

Eit helt anna spørsmål er jo kor innslagspunktet skal gå. Er det ved 1.65 tilliten til folk bør gå ned, kan hende med ei overgangssone +/- 3 cm? Eg trur det er noe her, men det krev litt grunning til.

fy søren

Eg kjenner ein del folk som ikkje bannar. Det vil altså seie at dei held seg vekke frå ord som vi i vår kultur, i vårt land, ser på som bannskap. Slike ord kan vere fa(e)n, helvtete, satan, og liknande. Det hender at eg sjølv bannar, og eg tar ikkje alltid omsyn til om det er folk rundt meg som ikkje bannar. Det synest ikkje eg at vi som bannar skal gjere. Kvifor skal vi det? Eg aksepterer at dei ikkje bannar, då får dei akseptere at eg gjer det. Dette er eit viktig prinsipp. Eg kan derimot ta omsyn til situasjonen, men det er noe heilt anna. Å vere var overfor situasjonar, altså å vere kontekstmedvitne, er ei greie her:

Diskusjonen dreier seg ofte om banning som ei forflating av språket. Argumenta mot å banne går altså på at banning er eit teikn på dårleg språk, sidan du ikkje greier å finne andre ord til erstatning for bannorda. Slike argument høyrer eg frå folk eg gjerne har sett på som oppegåande, og nokre av dei er ikkje ein gong kristelege.

Eg vil faktisk hevde det motsette: Banning kan gjere språket rikare, og dei som let vere å nytte banneord, utelukkar nyansar i språket som kan vere viktige, og vakre. Reint kvantitativt er saka klår. Slår du deg på tommelen med ein hammar og har eit responsrepertoir som består av "søren, helsike og dumme driten", er du språkleg deprivert andsynes ein som kan leggje til "satan, faen, helvete". 2 + 2 er framleis 4, som oftast i alle høve. Men eg synest bannord kan heve språket også kvailtativt. Gode, kreative bannord og rett plasserte vulgaritetar kan vere øyresnop. Å oververe ein drittsekk få i det glatte lag, er godt å høyre på. Å få høve til sjølv å kalle ein satan for nettopp ein satan, er i tillegg godt for resten av kroppen. Likeeins: Å late annakvart ord vere ein vulgaritet eller eit bannord er kvalmande, og tar frå deg dei herlege overraskingane du kan leggje inn når det verkeleg gjeld.

Eg gidd ikkje nemne at det ikkje handlar om banning på føkkings-sjitt-nivået. Er du ein såperein kristen-Kåre som irriterer deg no, så lat vere. At Tjetsjenske opprørarar held ein heil skule som gislar er jævlig, ikkje dumt, samme kva du måtte ha å seie. Berre spør Jesus, eg er heilt viss på at han klør seg på skorpene og nikkar eit sletent "aokei, då".

Så derfor: Slå eit slag for bannskap. Lat no endeleg pietismen, som framleis rir dei gamle, støle øka sine her til lands (og særs her som eg bur, på det mørke fastland), døy, og bli glade, snille, gode og vulgære bannarar. Lat vere å stole på folk som ikkje bannar, for dei er sannsynlegvis berre ute etter å arve himmelriket. Og slike arveoppgjer veit vi jo fører sjeldan godt med seg.

(...)

Er det forresten berre eg som fyller bensin for ein 200-lapp og trur eg sparar pengar på å ikkje fylle for meir?

Intime blondiner

Altså.

Eg parkerer den rustne Volvoen min ved sida av ei bensinpumpe, fyller for 200 kroner, og spring inn for å betale, berre for å bli møtt av ei blondine som ser meg inn i augene, gliser og seier eit kvalmande "Hei! Velkommen!". Eg legg fort frå meg 200-lappen, ser ned og snur meg for å gå og håper at ho har gløymt heile meg. Og då kjenner eg augene hennar bak i skallen min igjen: "Takk! Ha en fin dag!"

Kva er det det går i? Skal alle plutseleg vere begeistra no? Eg er lei av å kjenne meg som ein open boks med Nugatti i ein barnehage kvar gong eg kjøper meg ein tyggis på Shell. Eller rettare: Eg er lei av å tenkje på at dei tilsette har fått streng beskjed om å behandle meg som ein open boks med Nugatti kvar gong eg kjøper meg ein tyggis på Shell.

Kjære Blonde-Berit: Neste gong du ser ein nesten 2 meter høg fyr i ein sølvgrå Volvo i butikken din - slepp deg laus! Stå fram og lat det skine igjennom at du har mensen om tre dagar, katten har gått frå deg og typen er overkøyrt. Frels meg frå nugattikjensla; glefs til meg når eg somlar med å telje opp alle femtiøringane for å betale pølsa og colaflaska, og fortel meg, gjerne med ein kombinasjon av ord og gestikulasjon, kor sinnsjukt irritert du er over at eg ikkje greier å bestemme meg for om eg skal ha rå eller steikt løk på.

Idrett sett frå ein slitar sin ståstad

Det ultimate stresset for meg, det som verkeleg toppar seg og gjer at ting blir seriøst pes, er det som blir kalla "cupvinnarcup." Ordet summerer opp all driten frå gymtimane, alle gongene eg måtte ut igjen på bana når eg endeleg trudde eg var bytt ut for godt, og alle dei fullstendig meiningslause springerundane i bana rundt ei fotballbane.

For: Tenk deg når du hadde stressa som ein galning for å vinne ein cup. Du gjekk runde på runde, og endeleg såg du lyset i enden av tunnellen, med halvanna liter Cola og pizza, langt vekk frå drittsekkar av fotballtrenarar og sur gymlukt og alle dei ekle fotball-kompisane dine. Kva skjedde då?

Jo, då skulle alle cupvinnarane samlast for å spele mot kvarandre. Ein cup for cupvinnarar - finst det eit større paradoks, og ein meir deprimerande tanke? Kva er då vitsen med å vinne ein cup, å slite seg igjennom kamp etter kamp etter kamp, viss alt du har i vente er ein ny cup? Her snakkar vi om eit invertert atletisk reinkarnasjonshelvete, der du etter å ha slete deg igjennom ein cup og trur du fortener kvile, blir fødd inn i ein ny cup.

Død over 80-talet

Er det noen 80-tals-sentimentalistar her? Det er jo så in no, å sentimentalisere over perioden 1980 - 1990. Eg for min del greier ikkje tanken på den perioden, så eg meldte meg ut av sjølve 80-talet ein plass i 81. Når eg var viss på at det verste hadde lagt seg, om lag i 1992-93, kunne eg puste ut. Og i mellomtida hadde det skjedd mykje. Eg veit ikkje om å melde seg ut var det klokaste å gjere, men prøv sjølv å vere 12 i 1979, akkurat stor nok til at du skjøner at eit helvete er i ferd med å bryte laus; du sensar at du står midt i ein kulturell implosjon.

Kierkegaard har sagt at livet må levast framlengs, men kan berre forståast baklengs. Eg forsto ikkje 80-talet eingong baklengs. No er det jo ikkje slik at eg ikkje forsto noe som helst. Men ti år, ti av det som skulle ha vore dei beste åra av livet mitt, tenåra, gymnastid, universitet, damer fest og sutalaus lukke, var erklært ugyldige. Og då kan kven som helst bli forvirra.

No ser eg jo at eg hadde rett: Folk var idiotar på 80-talet. Ting var idiotiske då, alt frå yrker til musikk og motar, meiningar, haldningar, bilar, kyr. Det meste. Hadde eg berre visst det då, hadde eg kunne ha vore ein profet. Men eg var sikkert for dum. Prestane gjekk med cowboy-boots under kjolen. Gutane hadde strikkagensrar i jentefargar, som dei stappa ned i dongeribuksene. Jenter var jenter, og det var faen meg gutane og. Se på bilane frå 80-talet: Ei anti-oppvising, ei nedvising i estetikk. Det som blei bygd, blei bygd i papp og gips. Heime reiv dei noen av dei flottaste murbygningane i landet, svære flotte slott, berre for å ønske åttitalet og papphusa velkomen. Og ei jente kunne heite Sinitta og overleve eit par år i musikkbransjen. Hadde det vore på 90-talet, hadde ho blitt internert i ein omsorgsbolig, og gitt utviklingsmulegheiter i offentleg støtta ordingar, og fått seg ein gitar med fargekodar på gripebrettet og gratis taxikort. Den helvetes perverse distansen til alt med puls og temperatur på 80-talet gjorde det muleg for slike å bli pusha fram for åsynet vårt, utan tanke for kva vi gjorde med dei og oss sjølve. Eg trur at grunnlaget for anoreksi og bulimi, to 80-tals-ting, blei lagt i sjølve biletet av Sinitta, og kan hende også bygningane, bilane, prestane; det einaste naturlege spørsmålet var: Skal eg spy eller svelte? Og der har du det. Eg hugsar at eg gjekk inn i Vestlandsbanken for å ta ut ein 50-lapp, og kom ut igjen med 70 000 kroner i lån. Kunne faen ikkje kome der utan å låne pengar. Og viss du, kjære åttitals-Sinitta les dette skal du vite at dette ikkje er din feil, for noen har jo tillete at dette kunne skje. Og det har eg vanskeleg for å tilgi. Eg tilgir deg, kjære Sinitta, du berre smilte og gjorde det, men ikkje dei andre. Eg meiner eg var utan skuld, for eg var berre 12 i 1980. Men noen bør svi for dette. Arkitektane bak 80-talet skal leitast opp og skambankast.

Den som entra scena på 80-talet og som eg har stor respekt for, kan hende er ho den einaste som lærte oss noe på 80-talet, er Jannicke. På 80-talet, då ingenting skulle vere politisk korrekt eller moraliserande, tok ho sjefstolen i tv og radio med pønkeimage og ein morallåt om røyking og faenskap, og mana folk til å vere seg sjølve. Jævlig bra. Folk gjekk i pastelluniformane sine og sang at det er bra å ha sin egen stil. Så overbevisande, vi var aldri i tvil om at ho for alltid kom til å gå i svart skinn og nagler og slenge drit til alle som fyrte seg opp ein røyk. Jannicke var den direkte årsaka til at eg nesten blei banka opp av pønkarar i Oslo under Norway Cup, sidan eg hadde, på direkte oppfordring frå Jannicke, kledd meg i lær og nagler, min eigen stil. Men det stoppa ikkje der. På 90-talet, då alt hadde gått til helvete og det var kult å bli katolikk, hadde ho jamnleg kontakt med skapningar frå andre delar av verdsrommet, ikkje akkurat katolsk, og skreiv bøker og slikt for dei. Ingen nagler, men intim omgang med små, grøne menn, og framleis heilt sjef. Og no, etter år 2000, når alle trendar har vore milennium-relaterte, apokalyptiske og evige, har ho blitt pop-bimbo og lagar berre songar om puling og pesing. Ho er ein sann revolusjonær, og Jannicke vil bli skriven inn i historia til landet vårt saman med Brundtland, Amundsen & Nansen, Lønn-Arnesen, Heyerdahl og Gerhardsen. Vi må berre få det litt meir på avstand. Og sannsynlegvis blir då Brundtland stroken frå denne lista. Vi får se. Arkeologane og historikarane i år 4000 får se.

Hadde Jesus kome attende for å døme levande og daude i dag, trur eg han hadde tatt seg eit par dagar med Jannicke først. Ho hadde vore ein kanon førstekonsulent for evigheita.

Løpsvillige fotballspelarar

Er det noen som kan forklåre meg kva det går i? Kvar gong eg ser på ein fotballkamp, og det er ikkje ofte, blir begrepet "løpsvillig" nemnt. Kommentatoren kommenterer til dømes slik: "Som vi vet er jo Riise en løpsvillig spiller."

Herregud. Sjølvsagt er han jo det! Viss ikkje Riise hadde vore villig til å springe, hadde han vel ikkje spelt fotball? Litt av greia med fotball er jo å springe rundt på ei nokså stor bane, for ballen er jo sjeldan i ro. Og det er langt frå mål til mål. Såpass veit eg. Og ein som skal byrje å spele på Rosenborg eller Viking må jo også vite det?

Eg spelte fotball på eit puttelag for mange år sidan, og eg var ikkje løpsvillig i det heile. Det er ein av grunnane til at eg ikkje speler fotball lenger. Men det er vel noe heilt anna?

Er det forresten ein fotballspelar som heiter Riise?

Er det noen pedagogar her?

Eg har deltatt i ein diskusjon mellom gode vener om det å rette stilar. Koss skal ein eigentleg rette ein stil på rettferdig vis? Er det ikkje tilnærma umuleg å setje ein rettferdig karakter?

Nei, meiner ein av mine gode vener, og argumenterer på denne måten for ein ny metode for retting av stilar:

(sitat byrjar)
Prøvde terning, ble hakket for tilfeldig. Prøvde tell-sidene-gjett-på-karakter, funka ikke. Fant til slutt finger-i-været-metoden:
1) Les oppgaven.
2) Strekk en fing i været når eleven kommer med et moment som er bra, og gjerne overrasker deg litt.
3) Ta ned en fing når eleven driter på draget.
4) Tell fingre ved slutten av oppgaven.
5) Sett karakter etter en normal-finger-i-været-kurve.

Skriv en kommentar som :
-Dette kunne du ha jobbet mer med.
- litt kort. La være å levere på matpapir.
-Noen språklige feil, ellers bra.
-Denne oppgaven har jeg også sett på Internett. Prøv igjen. Bruk en annen søkemotor.
- Bra Ronni. Har du en eldre søster.
- Flott Cato,godt gjenfortalt, men The Beatles er ikke en skrekkfilm om biller.
(sitat slutt)

Er ikkje dette flott?

7%

sto det under kartet. Altså at eg hadde vore i 7% av verda. Det sto akkurat det same under det førre kartet, før eg hadde vore i Spania. Dermed veit vi at Spania ikkje utgjer fullt ein prosent av verda. Det skuffar nok spanjolane.

Men, uansett, 7% av heile verda. Ikkje så verst det, i grunn. Får ta prosent for prosent.

Her har eg då vore, no sist altså i Spania:

img

create your own visited country map
or write about it on the open travel guide

Ord som bør ut av det norske språket. Norsk fy-ordliste 1

Sensuell
Dette ordet blir brukt på to måtar: a) om noe som du ikkje heilt veit kva er, sidan intellektet ditt ikkje strekk til: ”Denne filmen var så sensuell”, ”Ein sensuell matrett”; og b) om noe du blir seksuelt opphissa av, men der du ikkje torer innrømme det: ”Jørn Hoel er så sensuell” (ofte sagt av ei middelaldrande dame). Når det gjeld a) er denne bruken mest utbreidd blant kulturjournalistar som ikkje heilt les bøker og ikkje høyrer skilnaden på Knudsen og Ludvigsen. Under b) kan ein direkte omsetje ordet med ”seksuell”. Dette ordet blir oftast brukt av kvinner, men også av kvinnoider, som til dømes østrogenrike, mannlege (sett frå ein biologisk ståstad) lærar- eller sosialhøgskulestudentar.

Ordet bør fjernast i ein tiårsperiode, og så takast inn igjen gradvis. Magasin som KK og Det Nye bør ikkje få lov til å bruke dette ordet før i 2025, etter ei grundig opplæring.

Meteorologisk institutt er ein konspirasjon

Eg såg på NRK hin dagen og lærte at måneferda i 69 var ein Hollywood-hoax, med Stanley Kubrick som ein sentral aktør. Dette trur eg er heilt sant, og det finst mange døme på at verda ikkje er som vi trur ho er.

Ein liknande svindel trur eg faktisk Meteorologisk institutt er. Eg trur ikkje det finst meteorologar, Meteorologisk institutt, metoder for vitskapleg analyse av meterologiske fenomen og for å skape verprognoser. Eg meiner å ha avslørt dei i dag, og metoden dei bruker er den same som du og eg: Det sit noen og kikkar ut gjennom kontorvindauget. Så melder dei akkurat det dei ser.

I dag tidleg sjekka eg veret for Stavanger på nettet, og her skulle det vere sol, med litt skyer av og til, og 18 grader. Eg såg ut vindauget og tenkte at det stemmer nok. Det blir akkurat som i går.

Etter litt jobbing, lufting av hund, kaffidrikking osv, kikka eg ut av vindauget igjen, og såg at her var det ikkje så veldig mykje sol. Det var jamvel nokre svære, svarte skyer i nærleiken. Men dette stemmer jo ikkje med varselet på internett, tenkte eg, og sjekka igjen nettsidene. Og kva hadde skjedd? Heilt rett, meteorologane hadde gjort det same som eg, og kika ut vindauget. Deretter hadde dei sikkert hatt eit lite møte, og bestemt at dei må justere vermeldinga for dagen, sidan det er skilnader frå dagen før. Så gjekk den mest web-kunnige inn på nettet, og endra symbola slik at det var litt lågare temperatur, litt meir vind og litt meir skyer. Dessutan hadde dei lagt til nokre regndråpar henimot ettermiddagen, sidan dei og sikkert såg dei svarte skyene.

Dette er ekte, real-time vervarsling. Men kven treng vel det? Det kan eg jo gjere sjølv.

Eg er viss på at langtidsprognosene føregår etter eit demokratisk prinsipp: "Rekk opp neven dei som trur at det blir dritver neste veke. Ok, 3 mot 2, vi melder lett bris og nokre små, lette skyer, og tåke langs kysten. Du, Gunnar, går til PC'en og teiknar opp ei sol, og så teiknar du eit par skyer foran. Det blir fint. Sånn, det var Rogaland. Skal vi ta Agder før lønsj?"

Nemninga "meteorolog" skal innebere at ein person har, etter vitskaplege metodar, greie på rørslene og stoda til atmosfæra. Men dette bør avslørast som ein statleg konspirasjon for å roe oss, eller hisse oss opp (alt etter som) foran feriar, og helger. Tenk på det: Når har dei hatt ein treffprosent som angir høgare sannsynlegheit enn gjetting? Meteorologane er meteorologoidar.

Dette er noe Gerhardsen har sett igang. Eller Nygaardsvoldregjeringa. Nordmenn er meir opptatt av veret enn av sex, dop og rock'n'roll, så det er i grunnen heilt genialt: Heile nasjonen blir hissa opp eller ned etter behov, av noen regionalt tilsette funksjonærar som publiserer vervarsel.

Eitt døme for å vise at eg har rett: Kva ver blei til dømes spådd framføre sist stortingsval? Jo, strålande sol, og varme. Kvifor? Sjølvsagt er dette ein konspirasjon. Interesser høgt oppe i statsadministrasjonen og NRK visste at brorparten av velgarane ville halde fram med flukta frå venstre til midten og høgre, viss dei gjekk til valurnene. Bondevik jobba intenst for å få Meteorologisk institutt til å melde regn og bris, men NRK, AP og SV vann fram med sine prognoser. Derfor greidde dei å dempe den borgarlege sigeren. Tenk koss det politiske landskapet hadde sett ut viss det blei varsla dårleg ver og folk strøymde til urnene?

I totalitære regimer drep dei folk for å hindre dei i å stemme, her melder dei sol.

Krokanis

Er det berre eg som ikkje liker krokanis? Eg liker is, og eg liker krokan, men ikkje i kombinasjon. Saman er det om lag som å ete is med sand i. Det løgne er at eg gjerne et is med sjokoladebetar i; sjokoladebetane er ikkje fiendtlege - dei er mjuke og venlege. Softis med strø er også heilt ok, for då ligg alt oppå, og ikkje skjult inni. Krokanen blør, er i ein ekkel oppløysing, og smittar av til omgjevnadene rundt. Ekkelt, og veldig bakterie-aktig. Krokan i vaniljeis minner meg om vannkoppar når dei har tørka ut, på ein kvit barnekropp.

Krokan i vaniljeis trur eg appellerer til eit urinstinkt som handlar om at noe ikkje-spiseleg har blanda seg i maten. Augene mine fortel meg at eg er i ferd med å sleike i meg ein unge med vannkoppar. Munnen min fortel meg at det er mellomstore steinar i munnen min, og at desse må ut. Forfedrene mine har slik lært meg å ikkje ete krokanis, og det har eg respekt for.

Eit hundeliv 2

Eg er ingen stor hundeoppdragar. Eg er rett og slett for lite merksam. Eg har altså lært av dette at hundekvalpar på 11 veker må fotfølgjast, viss dei ikkje skal pisse inne. Og slik gjekk dagane.

Snill hund, men full av vatn som vil ut.

Det er typisk norsk å vere polsk

Kalde julidagar kan nyttast til så mangt. Eg trur eg har funne løysinga på sidemålsproblematikken, og med det løysinga på fleire problem, her til lands.

Som vi alle veit kostar det jo mykje å ha to sidestilte målformer her til lands. Dokument må lagast i ulike versjonar, og ikkje minst kostar det å lære opp alle i Noreg i eit sidemål, ved sida av eit hovudmål. Det er heilt merkeleg, men løysinga ligg rett under nasa vår, og eg kom på det då eg gløtta opp frå skjermen i dag tidleg og såg ein snekkar hamre laus på eitt av nabohusa.

Løysinga er nemleg verken bokmål, nynorsk eller samnorsk. Løysinga ligg ein heilt annan plass:

Saka er, la oss alle innrøme det, at det smakar meir enn det kostar å oppretthalde nynorsken. Vel er det skjønt å lese lyrikk på nynorsk, men det er nokså opplagt (blant anna som du kan se på denne bloggen her) at nynorsk ikkje er eigna til kommunikasjon. Nynorsk er eit kjenslespråk. Derfor må nynorsken dø. Det kostar for mykje pengar å lære opp alle i Noreg i eit lite nyttig skriftspråk, og det kostar endå meir å lære opp treige lærarar.

Kvifor er det då inga løysing å standardisere på bokmålet slik vi kjenner og elsker det?

Jo, av di det også er for dyrt. Det er snakk om kostnader, ikkje sant? Og ein morsmålslærar frå Noreg er dyr i drift, uansett om han lærer vekk nynorsk eller bokmål. MÅ vi absolutt lære norsk, berre av di vi bur i Noreg? Kor står det at vi døyr av å kommunisere på eit billegare språk?

No tenkjer du sikkert "AHA! Han vil innføre engelsk over heile fjøla, sidan språket vårt er så influert av engelsk allereie." Men nei: Engelsken er også for dyr. Ein morsmålslærar frå England eller USA er ikkje særleg mykje billegare i drift enn ein norsk lærar. Tilbake til snekkaren eg såg i dag tidleg:

Eg luska nemleg ut og snakka med snekkaren. Han var, som eg trudde, frå Polen, og snekra laus på huset til 55 kroner timen. "Er ikkje dette lite, då?", spurde eg. "Neida" sa han, "mykje betre enn det eg er vant med."

Der har du det. Løysinga er å erstatte norsk med polsk, og innføre på brei front polske morsmålslærarar. Og i ei overgangsfase erstatter vi alle journalistar, forfattarar og andre skrivande med polske erstatningar, og det geniale: Til ein timepris på 55 kroner!

Fordelane overgår heilt klårt ulempene. Vel blir det litt stress i ein periode, men vi frigjer utrulege midlar: Vi kan auke pensjonsutbetalingane, bygge eldrebustader på 110 kvadrat med to pleiarar per pensjonist. Og pleiarane kan også vere 55-kronerspleiarar frå Polen. Vi kan ruste opp forsvaret vårt, bygge nye barnehagar og skular, og auke kontantstøtta til å gjelde både mødre og fedrer i ein periode på 4 år. Vi kan jamvel setje igang med vårt eige romfartsprogram, og i norsk pioner-ånd bli den første nasjonen som innfører sosialdemokrati, kontantstøtte og polsk som morsmål utanfor vårt eige solsystem. Vi vil bli ein føregangsnasjon i heile verda, og på myntane våre vil vi prege ein lettare omarbeidd Brundtland: "Det er typisk norsk å vere polsk."

Mulegheitene er enorme.

Det gjeld berre å tenkje rett. Og tenk: Viss vi i tillegg kuttar ut divisjon frå matematikkundervisinga, og berre konsentrerer oss om 3 rekneartar?

Tankane gjer meg svimmel. Eg fortener ei statue framføre slottet. Eller ein kopp kaffi.

Eit hundeliv 1

Eg er så sinnsjukt nøgd med at eg greier å redde ut den 10 veker gamle Springer Spaniel-tispa vår før ho pissar på golvet. Eg likar hundar, avskyr kattar, men kjenner eg blir stressa av å måtte fotfølgje ein kvalp for å unngå flekkar og kablar her og der. Så når hunden no ser ut til tenkje at plen = avføring, må eg konkludere med at eg har gjort eitt eller anna rett. Eg er ingen stor hundepsykolog, men Demi (prøv å finne eit tispenamn på D) og eg har ei god forståing for kvarandre, trass i at vi ikkje har budd saman særleg lenge. Eg gir ho mat og kos, og ho legg seg på føtene mine, og pissar på plenen. Beast and Man.

Vel...

Eg imponerer ikkje akkurat med dette oversynet over kor eg har vore i verda. Ser ut som om eg berre har sykla litt rundt oppi nord der ein plass...

img

create your own visited country map
or write about it on the open travel guide

Michael Moore, Carl I. Hagen og Jesus

Eg har den obligatoriske sansen for Michael Moore eg, som alle andre her til lands, i alle fall. Likevel er eg skeptisk til personar opphøgd til fenomen på denne måten. Eg var på eit seminar om retorikk i Danmark, der representantar for ulike retoriske miljø i Noreg og Danmark var til stades. På dette seminaret gjekk det opp for meg at Moore har opparbeidd seg ein Jesus-status for ein del personar tilknytt venstresida her til lands. Dette er for så vidt ikkje særleg overraskande, det er vel noe slikt Moore har sett føre seg sjølv. Eller: Det ser ut som om det er dette Moore reknar med, og blir litt sur viss det ikkje skjer. Det overraskande på dette seminaret var at delar av det retoriske miljøet her til lands, særleg i Bergen, nytta Moore og hans bøker/filmar som eit døme på koss retorikk avslører maktforhold.

Retorikk handlar om talekunst, og det er framleis populært å ta utgangspunkt i klassiske, antikke retoriske omgrep og modellar for å analysere tekstar. På dette seminaret høyrte eg nokre analysar av politiske diskusjonar/intervju av politikarar, blant anna med det for auge å avsløre språklege maktstrategiar. Moore var ikkje eit direkte analyseobjekt, men han blei hyppig referert til, og då som eit føregangsbilete når det gjeld å avsløre maktforhold.

Det overraska meg at analysane eg høyrte var like moralistiske og normative som Moores eigne analysar. Moore, om enn kor rett han har i mykje, er skulda for å ha triksa med kronologi og tal. Dette er ikkje bra, særleg ikkje når du kritiserer så viktige tema og så store forhold som Moore gjer. Å ta Moore til inntekt for sine eigne syn utan vidare, å nytte han som eit døme på god retorikk, er ikkje ein bra måte å legitimere sine eigne analyser på. Å trykke Moore til brystet som "ein god retoriker" blir like meiningslaust som å gjere det same med Carl I. Hagen. Eller like meiningsfylt, alt ettersom. Du kan vere ein overtydande talar som vender mengder av folk om til ditt syn, men ein god retorisk analyse vil avsløre usanningar og snarvegar, til dømes i faktautval.

Carl I. Hagen er ikkje eit problem, for han taler ikkje etter linjene til den intellektuelle elita i det heile. Tvert om. Det er eit venstrehandsarbeid for dei aller fleste å knekke utspel som dei han kom med frå ein eller annan preikestol no sist.

Michael Moore, derimot, er på ein del måtar ein ønskefigur for gammalkommunistar, som i mange år har leita etter måtar å ta USA på. Desse gammalkommunistane sit no i gode stillingar som legar og professorar, og nyt ein høg sosial og kulturell status. Endeleg får dei servert på fat det dei har hatt våte draumar om sidan ultimo 1960: Store delar av USA, presidenten, skodespelarar og fleire (dei fleste) andre blir avslørt som idiotar.

Sjølvsagt er det lett å like at dette skjer. Eg og likar dette, sjølv om eg ikkje er så langt til venstre som det dagens gammalkommunistar har vore. (Det er jo ikkje dei heller lenger.) Men er det god analyse? Er det moralsk og etisk rett? Eg trur nok Moore gjer ein god jobb med både bøker, filmar og tv-program. Men er han eit godt forbilde for dei av oss som har lyst til å avsløre språkleg maktbruk?

... hm ...

Og då eg støvsugde her oppe i første etasje, kom ungane springande opp frå kjellaren med svære auge: "Men ... men ... støvsuger du???"

Frekke ormeyngel...

Teikneseriefan?

Ikkje eg heller. Men eg gjer to unnatak. Det eine er for Pondus, som funkar som eit talerøyr for min generasjon: Brått var eg stor, og AC/DC-t-skjorta var litt for lita over magen.

Det andre unnataket er ein amerikansk serie kalla Bloom County, ein prisvinnande serie teikna av Berkeley Breathed. Satirisk, og morosamt. Sjekk favorittstripene til forfattaren på nettsidene:

http://www.berkeleybreathed.com/

Kjekk lesing, jamvel for dei av oss som avskyr flaue striper som Garfield osv.

2 1/2 veke, og 11 spelejobbar igjen til 2 veker i Sierra Nevada

Aldri vore i Spania før, men eg har ein ide om at billig raudvin og fortausrestaurantar i små fjellandsbyar er bra å ha.

Eg kan absolutt ikkje noe spansk, og viss eg no greier å rote fram eit par turistgloser, nektar eg å bruke dei. Eg er utruleg skeptisk til folk, særleg mellomgalmle, overvektige menn, som kan 10 - 12 ord på spansk. Feite 50-åringar på uterestaurantar, med tjukke gullkjettingar rundt nakken og kroppslukt som esel, har skapa eit inntrykk av Spania som ein slags last resort for norske taxisjåførar med alkoholproblem, stygge ungar og grisebanka koner.

Paradokset oppi alt dette (som altså ikkje dreier seg om fordommar mot Spania men om fordommar mot nordmenn) er at eg er sambuar med ei som er halvt spansk. Eg blir dermed kan hende nøydd til å lære meg desse glosene som dei feite Fr.P-arane auser ut av seg i ølrus. No er eg ikkje 50, og heller ikkje så sinnsjukt feit (sjølv om det rundt midja meir er snakk om ein vaskeball enn eit vaskebrett). Eg stemmer heller ikkje Fr.P, eig ingen gullsmykker, så det å prøve seg fram på ein einsam tapasrestaurant oppi eitt av fjella i sør, markerer meg nok ikkje som ein tax-free-forfylla brylkrem-sjarmør.

september 2005
ma ti on to fr
      1 2 3 4
5
6
7 8 9 10 11
6. september 2005
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30    
             
img